onsdag 24. september 2014

Etter laaaang bloggferie....

 Livet har ikkje hatt stillstand sjølv om bloggen har...
Familien har auka; midterste sonen min er forlova med ei flott dame frå Hong Kong, og det vert snart eit giftermål. Den sjarmerande guten har ho med seg som ein kjekk bonus til familien.
Han har tilbragt sommarferien i Noreg, og fekk oppleva mykje nytt..
Bileta er teke frå Soma Gård, og dette er første gongen har har fått oppleva nærleik til husdyra våre..
 

På Soma Gård er det mange slag dyr og fuglar. Å være i nærleiken av kalkun, påfuglar, ender og høne likte dei langvegsfarande.
Dei hadde ikkje sett så store høner før, for i Hong Kong vert dei mat lenge før dei når denne størrelsen.


På Soma Gård er det også ein kjempeflott leikeplass, som tydelegvis også falt i smak. Her på dei elektriske gravemaskinane.
Prinsessa i heimen likar seg òg veldig godt på denne gården. 



 Manuelle gocartar er morosamt, og løpet var fort i gang.
Eg hadde gleda av å stå på sidelinja og berre observera barnleg glede...
Og vår kjære Peppi...
Ho har kome heilt frå Tyskland med sin lille familie, men fekk ikkje bu i leilighetane dei fann. Meininga var at pusekatten skulle få være hjå oss til dei fann seg ein egna plass å bu, men det vart no aldri slik.
Peppi er no eit fullverdig familiemedlem hjå oss.

Dette var berre ei microoppdatering.

Siri

1 kommentar:

  1. Koselige bilder.Gratulerer med familie økningen av både to og firbente .

    SvarSlett