lørdag 12. desember 2015
Gå julebukk..og mer
onsdag 13. mai 2015
Ein kveld i mai...
søndag 28. desember 2014
Hugsar du....
Den vesle ape-bamsen med det utruleg søte ansiktet? Den vesle ape-bamsen med tåteflaske i eine handa, som kan puttes i munnen????
Eg fekk ein slik til jul....av min kjære....noko eg har gjeve uttrykk for at eg ønska meg.... ;)
No sit Monchhichi-bamsen min på skrivepulten min, og eg treng berre snu litt på hovudet for å sjå på den. Eg vert barnsleg glad inni meg når eg ser på den. Lett bustete på toppen og med tåteflaska i munnen.
Monchhichi ~ Nostalgi ♥
Siri
søndag 28. september 2014
Ved Dorgefossen i Sirdal
Eg hugsar godt då eg gjekk på barneskulen og var i desse trakter for første gong. Eit overveldande skule for ei lita jente.
Fortsatt må eg stoppa bilen for å gå ut og sjå dette skuet når eg er i Sirdal. No er det laga til slik at ein kan sjå fossen frå fleire vinklar, i motsetning til når eg var jente. Då måtte me stoppa på riksvegen og sjå derifrå.
Jettegryter og holer laga av vatnets slitasje gjenom lange tider. Det er lettare å sjå dei no enn då eg var liten. Eg får eit sug i magen medan eg ser nedover….
Det var ikkje så høg vannstand, men eg kan berre innbilla meg kor mektig det er når det verkeleg fossar.
Eit lite blikk på vatnet ovenfor fossen, og litt av naturen rundt.
‘Planking’ midt i vegen gjekk godt an denne dagen; lite trafikk og god sikt. Det er slik ungdomen likar.
Vaksne kan heller meditera litt på rasteplassen….
Skulle du vera i nærleiken av Sirdal og Dorgefossen, synes eg du gjerne kan kosta på deg ein stopp her.
Siri
fredag 26. september 2014
Barnsleg glede
Eg har fått litt dilla på Hama-perler. Mimring på gang samstundes. Eg trur det er mange av min generasjon som hugsar Pac-Man. Og yngre generasjon har fått kjennskap til ein meir moderne versjon. Til venstre ser du gutane mine sine favorittar; Minecraft…..
Barneutgåve av Donald og Dolly, og muffins til eit heilt lite selskap. Fuglane må ikkje gløymast. Alle desse perlefigurane har fått pålimt ein magnet, så kan dei gjere litt nytte for seg. Kjekke små gåver.
Siri
torsdag 9. mai 2013
Kveldskos saman med prinsessa
I går kveld fekk eg nok ei ekstra stjerne i boka hjå prinsessa. Kveldsmaten fekk form av stjerne og kone. Eit lite sugerøyr i mjølka gjorde smaken betre.
Etterpå sat me saman i sofaen og las rim, regler og rare sangar frå ei bok som eg brukte mykje som barn ; ‘Barnet i liv og lek’, av Thor G. Norås frå 1976.
Tippe høne satt på gjerdet,
Tippehøne datt ned.
Ingen doktor kunne hjelpa,
Tippehøne var død.
~~*~~
Når du blir gammel
og ingen vil ha deg
så sett deg på taket
og la kråka ta deg.
~~*~~
En nisse
måtte tisse
Han gikk bak et gjerde,
der fant han en pære,
pæra delte han i tre :
en – to – tre.
~~*~~
Siri
onsdag 8. mai 2013
♥ Tjorven ♥
No har eg kjøpt meg den dokka eg hadde såååå lyst på då eg var liten. Tjorven-dokka, så blid og glad. Det er godt eg har ei prinsesse i huset, slik at eg har unnskyldningar for mine barnslege impulsar ;)
Siri
fredag 1. februar 2013
Matlære anno 1956
Allminnelege reglar for mat- og kjøkkenstell.
| 1. | Legg plan for dagens arbeid. |
| 2. | Ta på reint forkle, dekk håret godt, børst og vask hender og negler før matstellet byrjar. |
| 3. | Hald kjøkkenet og kjøkkentøyet reint og i orden. |
| 4. | Puss ikkje skotøy, børst ikkje klede, og utfør i det heile tatt ikkje arbeider som det støver av, i kjøkkenet. |
| 5. | Fei ikkje kjøkkengolvet, men vask det dagleg. |
| 6. | Tørk ikkje støv i kjøkkenet med tørr, men med fuktig klut. |
| 7. | Sørg for frisk luft i kjøkkenet. |
| 8. | Ha tilstrekkjeleg og praktisk kjøkkentøy. |
| 9. | La alt kjøkkentøy ha sin bestemte plass. |
| 10. | Ha matvarer og redskap i orden før matstellet byrjar. |
| 11. | Mål og vei nøyaktig, for at maten kan verta vellykka. |
| 12. | Ta ikkje salt, sukker, mjøl og andre tørre matvarer med handa når du kan unngå det. |
| 13. | La ikkje skei, sleiv eller visp stå i maten medan den kokar. |
| 14. | La ikkje auser av metall stå i mjølk. |
| 15. | Bruk særskild skei og skål når du skal smake på maten. |
| 16. | Stell maten for andre så pent som du vil at andre skal gjera det for deg. |
Desse reglane fann eg i ei kokebok for barne- og framhaldskulen, som eg kjøpte på Fretex i dag. Morosam lesing, samstundes som det er godt å tenkja på kor mykje lettare matlaginga er for oss no…
Siri
mandag 16. juli 2012
Barndomens bursdagskake
Eg hugsar den stod på bordet og freista i kvart selskap hjå besteveninna mi og broren hennes. Då var fargen som regel rosa, og med eit godt sjokoladetrekk oppå.
Eg har funne fram grønfarge og sjokoladesaus, og gleda gutane i huset, og ikkje minst min kjære, med denne kaka.
Skulle det vere interresse for det, så kan eg leggja ut oppskrifta òg.
Siri
fredag 4. mai 2012
torsdag 3. mai 2012
Strikkekafè
Dette er min favorittbutikk!
Kaffikoppane står klar på bordet når me kjem, og det er berre å finna seg ein god plass i nostalgiske omgjevingar.
I dette hjørnet fann eg kveldens handarbeid ; Mitu vart med meg heim, saman med eit hefte opsskrifter med blandt anna flasketrekk i.
Allereie no gler eg meg til neste strikkekveld, som er 31. mai.
Siri
lørdag 3. mars 2012
Erterposar
Prinsessa fekk leika seg med erterposar ved ei turntilstelning nyleg. Ho koste seg med å kasta dei oppi bøtter. Eg var ikkje sein med og lova å sy erterposar til henne so ho kan leike med heime...
Det måtte blåsast støv av symaskinen, og leitast etter egna stoff.
Gardiner frå tidleg 90-talet får gjera nytta. Eg skar dei i frikantar på 15x15 cm, sydde rundt kantane og lot det væra ein liten åpning til å vrenga dei. Fylte med litt erter og sydde åpninga saman for hand...
Desse skal eg ha med meg i sekken neste gong eg skal hente prinsessa med toget i Oslo. Det er nok fleire barn i familievogna som vil leika seg saman med erterposar då...
Siri
søndag 11. desember 2011
Peppermyntekonfekt
søndag 4. desember 2011
Jødekaker
mandag 5. september 2011
Nostalgisk langpannekake
Liten Langpannekake
2 egg
3 dl sukker
ca 4,5 dl kveitemjøl
2 1/2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
1 ss kakao
1 1/2 dl mjølk
150 g smelta smør, avkjøles saman med mjølka
Pisk egg og sukker godt.
Bland alt det tørre.
Rør det tørre og mjølkeblandinga annankvar gong saman med eggeblanding.
Steikes ved 220 grader i 20 minutt, i liten langpanne.
Glasur
3 1/2 dl melis
4 ss smelta smør
4 ss sterk kaffi
1 ss kakao
2 ts vaniljesukker
Pynt
kokos
Nytes saman med dei du er glad i.
Siri
tirsdag 29. mars 2011
Til samlinga mi
fredag 5. februar 2010
70-tals mammaklede
Er det nokon som gjenkjenner slike mammaklede? Eg har nemleg vore på loftet hjå mor og funne nokre gamle skattar. Ho brukte desse då ho venta minstebror min i 1978.
onsdag 2. desember 2009
Julebrød
I dag såg eg gjennom nokre oppskrifter, og fann fram den gamle, handskrevne oppskriftsboka til farmor mi. Eg hugsar godt alt det gode ho baka. Ho brukte gamle syltetøyspann til kakeboksar, og det var fritt fram til å velje kvifor ein eg ville ha kake frå.
Eg har lyst å dela med meg oppskrifta hennar på Julebrød, som eg skal baka sjølv no i desember. Og her er oppskrifta, akkurat slik farmor skreiv ho:
Jule-brød
180 gr sukker smeltes i 3,5 dl melk+1,5 pk gjær.
200 gr smør smuldres i 3/4 kg mel.
1 pk kardemomme, 250 gr rosiner, 1 pk sukat.
*Arbeides godt, heves som vanleg gjærdeig.
Det er som eg allereie kjenner dufta av nybakt julebrød....
Siri








