søndag 29. juli 2012

Til blomsterfeen min

Prinsessa er veldig glad i eventyr, og leiker ofte at ho er både askepott og blomsterfe. Ho pynter håret med klemmer med blomer og glitter, og dei vert godt brukt. Blomen her har ramla av ei klemme, og eg ville gjerne nytta den til noko anna, sidan den er så fin.    Det hekla armbandet har prinsessa brukt mykje, og det gjer ingenting om det får litt meir pynt....

Eg sydde fast blomen på armbandet, og vips ~ prinsessa har eit nyyyydeleg armband. Både ho og eg er enige; ho er sååå fine når ho pyntar seg med dette....

Siri

lørdag 28. juli 2012

Ting Tek Tid

For snart 3 år sidan fekk eg desse lappane av mor til besteveninna mi...
Det har teke si tid, men no nærmar det seg iallefall
 Over halve jobben var jo gjort, men eg er ikkje av den mest tålmodige sorten når det kjem til handarbeidsprosjekt... Og eg var lenge usikker på kva eg skulle bruka lappane til...
Eg har hekla to omgangar med kvit ullteppegarn frå Gjestal spinneri på kvar lapp. Her er dei klare til montering. Det har vore greit handarbeid til småturar og visittar, for det var berre å ta med seg nokre få lappar i slengen. Men resten tek eg heime i sofaen medan eg høyrer musikk eller lydbok, tenkjer eg..  Til slutt har eg lyst å nemna at me snart får ein ny familiemedlem ; Jellybelle ~ ein Britisk Korthår katt. Ho er 6 år og minner veldig om Pusur. Me gleder oss veldig.
Siri

torsdag 19. juli 2012

onsdag 18. juli 2012

Bøker på ønskjelista



Det finnes stadig bøker på ønskjelista min, og nyleg fann eg desse bøkene som freista i bokhandelen...

sy!
av Cath Kidston

Ei bok full av inspirasjon til kva eg kan tenkja meg å gjera når det vert litt mørkare haustkveldar.. 
100%
gjenbruk
i ULL

ei bok som er heilt etter mitt hjarta ;
ikkje kast det som kan brukast på ny!
Og det er nok meir enn berre ull som kan brukast etter denne boka, trur eg...



Eg kunne veldig godt tenkt meg ei bok om Geriljabroderi òg, rett og slett fordi eg har sansen for den rolege måten å få fram nokre sanningsord på...


Har Du bøker på ønskjelista??

Siri

mandag 16. juli 2012

Barndomens bursdagskake

Er det berre meg, eller har du også eit og anna hyggeleg bursdagsminne med denne kaka på bordet ; Skumkake.
Eg hugsar den stod på bordet og freista i kvart selskap hjå besteveninna mi og broren hennes. Då var fargen som regel rosa, og med eit godt sjokoladetrekk oppå.
Eg har funne fram grønfarge og sjokoladesaus, og gleda gutane i huset, og ikkje minst min kjære, med denne kaka.
Skulle det vere interresse for det, så kan eg leggja ut oppskrifta òg.

Siri

mandag 9. juli 2012

Kan eg by på....?

...eit stykke 'Skrotkake'?
Dette er det eg kallar smaken av sommar. Oppskrifta har eg funne her, og har kun sløyfa sjokoladen, og brukt anna frukt..
Vel verdt å prøve.

Siri

søndag 8. juli 2012

Glimt frå Byrkjedalstunet

 Byrkjedalstunet er ein stad eg stadig tek turen til. Det er ein flott tur til og frå, same kva veg ein kjem frå. Forlovelses- og bryllupsnatta overnatta min kjære og eg på hotellet her. Og skulle det koma ein anledning til - om det så er berre for å feira kvardagen, så vil eg gjerne ha fleire overnattingar her òg...

 I lysstøyperiet kan ein vandra i lange tider, og stadig finna grunnar til at både det eine og det andre må oppi handlekorga..
 God oversikt på fargeutvalget på lysa..
 Ei skål med jordbær og fløte...?
Og noko til sommarhagen; fuglekassar, duklodd, serviettar og mykje anna...

Har du sjansen, så anbefalar eg deg til å ta turen innom her, nyt roen og naturen rundt..

Siri

lørdag 7. juli 2012

Søya Gardsutsalg

 Omlag ein halvtimes køyring frå oss finn me gardsutsalget 'Søya'.
Her har eg vore mange gonger, og nyt kvart augneblikk eg har der.

 Ungar har også ting å finna på her. Utesjakk for dei større, og høner og kaniner å kikka på for dei mindre.
 Noko av det dei selger, er honning i mange variasjonar. Det er berre kva som måtte freista. Såper, kaffi, krydder og spekepålegg finn du også...
 Eg vil anbefala å setja seg ned og nyta ein kopp kaffi med noko attåt.

Skalet av eit gamalt pumpeorgel gjer nytta. Her fyllt opp med konfekt og sukkertøy, og nydelege stearinlys på toppen.

Siri