mandag 31. januar 2011

Fana-bytte?

Som nemd i tidlegare innlegg har eg to Fana-gensere til overs. Dei er strikka i ullgarn, ein i blått og ein i svart. Eg tykkjer det er mest for gale å ha slike flotte gensere liggjande dersom det er nokon som kunne få bruk for dei....
Her er eit nærare bilete av dei...

Kunne du tenkje deg eit aldri så lite bytte, er det berre å gje eit vink.

Siri

*Størrelser på gensrane:
- Blå
lengde 49 cm
vidde 54 cm
ermelengde 41 cm
-Svart
lengde 50 cm
vidde 50 cm
ermelengde 40 cm

Eg undrast...

Nyleg hadde eg eit kjekt bytte med Mayen, ho fekk broderipakken eg ville bytte vekk, og eg sa ja takk til ei overrasking. Plutseleg, då eg skulle ta bilete av innhaldet, har noko forsvunne, og eg kan ikkje anna enn å undrast på kor det har teke vegen....
Vel, for å vere ærleg; nokre knallgode drops veit eg kor tok vegen..
Men eg saknar ei pakke med farga telys..
Iallefall, eg er utruleg nøgd med byttet, og broderia har nok kome i rette hender no. Dei flotte stoffbitane skal eg nok finna rette prosjektet til, og heimelaga vaniljesukker er perfekt til ein som elskar å bake!
'Velkommen'-skiltet passar perfekt i min heim.
Eg har allereie tenk tanken på å invitera til nytt bytte. Det er rart kva som kan skjula seg i heimen....
Eg har to 'Fana'-gensere, ein kvit/blå og ein kvit/svart, størrelser i ca 7 og 9 år trur eg.. Bilete vil koma seinare...
Siri

mandag 24. januar 2011

Sokkar og meir til 'gje-vekk'en' min


Sidan sist har eg strikka to par sokkar. Det minste paret er ca str 25, og er strikka av eit nøste frå 'lageret' mitt. Trur det kan vere 'Viking-garn'...

Det andre paret er str 36 og strikka av to nøster 'Robust' frå Sandnes garn.

Det lyseblå paret skal den lille prinsessa få, for ho hadde eit ynskje om blå sokkar, og kven kan motstå ei prinsesses ynskje..??

Så til 'Gje-vekk'en' min. Eg vil trekkja ytterlegare to vinnare.
Ein vil få ei nålepute, hekla av 'Bomull Sport' frå Gjesdal spinneri, pynta med ein knapp frå mine borns oldemor si knappekrukke.

Den 3.vinnaren vil få ein klut, strikka av diverse reste-bomullsgarn.
For å melda seg på 'Gje-vekk'en' min, er det berre å leggja igjen ein kommentar her..
Siri

mandag 17. januar 2011

Gje vekk

For å feire kvardagen, lysere tider eller kva det no måtte vera, så vil eg ha ein aldri så liten 'gje vekk'.
Eg tenkjer at heimelaga klutar kan passa, for lysere tider krev kanskje litt støvtørk og slikt etterkvart... 3 klutar til vinnaren, og kanhende det vert ein trøystepremie også, kven veit..?
Me gjer det slik;
1 lodd for kommentar
og 1 lodd ekstra om du lenkjer til denne 'gje vekk'en'.
Kvelden for trekking av vinnar er måndag 28. februar.
Skriv kor mange lodd du tek.
Lukka til!
Siri

lørdag 15. januar 2011

Vil du byte?

Eg er inne i eit slags ryddemodus for tida. I skuffer og skåp har eg mykje som berre vert liggjande, noko som er synd. Det er tross alt flotte hobbysaker. No har eg funne 5 broderi; 2 påskeløpere, 1 julebilete, 1 barnebilete og 1 bilete med fuglar på.


Er det nokon brodèr-glade sjeler her i Blogglandia som har lyst å byte? Kva eg ynskjer å byte i? Tja, eg er ikkje så kravstor, trur eg. Kanskje noko enkelt heimelaga? Det er berre å koma med forslag. Me dekker kvar vår porto for eit eventuelt byte.
Siri




fredag 14. januar 2011

For kalde føter

Eit par sokkar har endeleg forlatt pinnane. Dette garnet fekk eg ein gong i fjor og er eit såkalla 'uven-garn' frå Hobbyboden. Eit nøste, pinnar nr 3 og størrelse 32-33...
Eg er nøgd!
Siri

onsdag 12. januar 2011

Rundstykker med vri

Det er ikkje mykje som kan måla seg med dufta av nysteikt gjærbakst. Og om ein fyljer oppskrifta nøye, så vert resultatet stort sett alltid vellukka.
I helga laga eg ein fin rundstykkedeig, av farmor's oppskrift. No har eg gjort ei endring, og byta ut noko av kveitemjølet med grovare mjøl.
Eg kjevla ut som om eg skulle laga kanelrullar, men fyllte istaden med skinke, ost og litt krydder.

Rulla saman og skåret opp i passe bitar.

Berre etterheving som gjenstår her.

Fiks ferdig 'påsmurde' rundstykke, som ungane veerkeleg likte.
Farmor's oppskrift
1 litar mjølk varmast i
150 gr smelta smør
2 pk gjær løyses opp i blandinga
4 ss sukker
1/2 ts salt
1,5 kg kveitemjøl
*** Hevast til dobbel størrelse, bak ut ca 30 rundstykke, etterhev i ca 30 minutt
Steikast på 230 gr til dei er gyldne og fine
*****For den 'grove' varianten min, byta eg ut 400 gr av kveitemjølet med 350 gr sammalt kveite,grov, og 50 gr kruskakli.
*I tillegg brukte eg ca 200 gr skinke og 200 gr ost. Krydre etter smak ~ eg brukte piffikrydder og pizzakrydder.
Velbekomme
Siri


tirsdag 11. januar 2011

Gåve

Berit T er ei utruleg kreativ dame som nyleg hadde feiring og 'gje-vekk' på bloggen sin. Og kor heldig var vel ikkje eg som vart trekt ut som vinnar av 'ei lita gåve', som ho sa...?
Før helga dukka det opp ein pakke i postkassa mi, pynta på ein nydeleg måte.

Oppi låg det to notisbøker, fleire kort og konvoluttar, og ein nydeleg og lavendelduftande pose.

Tusen, hjarteleg takk!

Siri