onsdag 31. august 2011

Å finna balanse

Det siste året har ikkje kroppen min og eg vore heilt på bøljelengde. Eg som ikkje plar vera sjuk, har eigentleg fått det eg ikkje har hatt tidlegare.. Det er rart; akkurat som om kroppen ikkje er klar over at eg aldri har hatt det så godt før..

Då er det fint å ta ein pause, gå ut i naturen - eg er glad i denne skogen her..
Kikka seg rundt, og leggja merke til dei små tinga som rører seg...



Og kjenna roen som senkar seg over sjela når ein er omringa av nydelege, rolege grøntonar...


I går var min kjære og eg og snakka med presten, øva på gangen opp kyrkjegolvet; Nei, eg har aldri hatt det så godt før...


Siri


tirsdag 30. august 2011

Ja, eg samlar

Ja, som sagt, eg samlar på gryteklutar - då aller helst på hekla..

Eg har fått spørsmål om det nokre gonger, og tenkte difor at eg kan visa fram samlinga mi. Litt sjølvhekla, nokre fått og dei fleste funne på 'Gjenbruken'.
Foreløpig har eg ikkje funne ut kordan samlinga skal koma til sin rett, så her ligg dei samla, oppi ei nettingkorg. Det er berre å venta på rette idèen no..


Siri

mandag 29. august 2011

Samlingsfunn

På fredag hadde eg ein køyretur langs Jæren, og fann fram til ein 'ny' Gjenbruk eg ikkje hadde sett før. Og du og du, for ein Gjenbruk!!

Eit heilt lite paradis for oss som elskar slikt.

Blant anna fann eg nokre gryteklutar til samlinga mi.

Denne grøne har eg ikkje sett makan til før, og eg kan godt tenkja meg å prøva hekla slike sjølv, berre i andre fargar.

Desse har eg sett fleire av, og eg trur jammen eg har mønster liggjande. Men det er liksom noko eiget med gryteklutar som har levd sitt liv..

Siri

søndag 28. august 2011

Kom haust

For nokre dagar sidan vart eg endeleg ferdig med hekleteppet. Ei kjempestor oldemorrute hekla av restegarn og garn frå lageret i forskjellig ullkvalitetar. Tanken bak var haust, og eg tykkjer eg har klart å få fram lyng, mose, nyper, blåbær og visnande blader...
Kanten rundt er av enklaste slaget..
Min kjære ser fram til å pakka teppet med i piknikkorga framover.

Teppet vart tilslutt 132x132 cm.






Siri

lørdag 27. august 2011

Gratulera med dei 50!

Mi kjære veninde, og nabo, vert 50 år i morgon. Ho har innvitert til fest i kveld. Me vert vel 7-8 kvinner, og ho hadde eit ønskje om at eg skulle baka ei kake til henne.

Kaka er ein del av gåva frå meg, og eg har gjort mitt beste for å laga den etter ønskjet; marsipankake med fyll av bringebær og romkrem...
Eg hadde lyst å testa ut ein, for meg, ny måte å laga pynten på. Det er dei 'vanlege' fargane eg har brukt, men istaden for å blanda fargen inn i marsipanen, har eg heller måla fargane på, iblanda litt vatn for å gjere fargen lettare å bruka, og for å gjera fargane litt 'mildare'.
Resultatet liknar akvarellmålin, tykkjer eg...


For å gje litt liv til kaka, har eg brukt litt perlemorstøv..

Dei 'kvite' blomane har kandiserte fiolar i midten.



Eit lett dryss perlemor...


Og kandiserte fiolar rundt kanten...



No gler eg meg til kveldens feiring.


Siri


fredag 19. august 2011

Blandt lyng, nype og mose

Det nærmar seg haust, og som nemdt tidlegare held eg på med eit hekleteppe i haustlege fargar. Når eg sit med handarbeidet tenkjer eg på lyng, mose, nyper og hausta korn. Det er mest så eg kan kjenna luktene frå ein lauvskog i haustpryd....

Teppet er no ca 100x100cm, og planen er å gjera det ennå større.. Det luner godt over knærne når eg sit og heklar i litt kjøligare kveldar...


Siri

tirsdag 16. august 2011

Ikkje som fyrst tenkt..

..sjølv om eg er riktig så nøgd med resultatet her..

Garnet eg har brukt på denne 'Enkle Vest' frå Pickles, hadde eg tenkt å strikka volangskjerf av, som eg skulle ha på meg i bryllupet. Men då eg vart 40, fekk eg pengar i gåve, og brukte dei på eit nydeleg skjerf,med perler og hjarte i sylv.

Så håpet var å ha nok garn i Prinsessa's størrelse; 4 år.

Lys rosa, og knappane har eg klypt av ein kjole for lenge sidan.. Utruleg kva som kjem til nytte att... Dei er lys lilla, og eg synes dei passa fint til rosa.

Og garnet, det hadde eg nok av.. I utgangspunktet hadde eg 2 nøster Inca Alpakka og 2 nøster Alpaca Silk. Pinne nr 5,5 vart brukt, og ennå har eg over eit nøste av kvar att..
Prinsessa kjem neste tysdag, og eg gler meg til ho får sjå veste. Ho elskar at eg lagar noko til henne.

I dag har min kjære og eg prøvd gifteringar; tenk no er det ikkje lenge igjen...

Siri


torsdag 11. august 2011

Brudepikekjolen

Endeleg er brudepikekjolen til prinsessa ferdig! Det tok si tid, for eg ville ikkje risikera feiltelling under flytteturane. Sidan vart den liggjande på vent...

Som du ser, så er den ikkje dampa ennå, men det vil eg ta når dagen nærmar seg litt meir.
Blomane vart ikkje heilt etter oppskrifta, då den ikkje var å finna i Familien's oppskrifter. Eg fann fram ei hekleoppskrift på roser, og sette igang. Rosene er nok dobbelt så store som dei 'originale' som skulle vore på, men eg tykkjer dei gjer meir utav seg desse..



Litt nærare...


Kjolen er strikka i Mitu, og det er garantert ikkje siste gongen eg kjem til å bruka dette garnet.


Innbydelsane er også endeleg skrevne, og ventar berre å koma til mottakerane. Dei vart heller ikkje som eg tenkte i utgangspunktet; heimelaga, nydelege kort...

Eg tok ein tur på bokhandelen og handla inn støvrosa ark og konvoluttar.

Lys og serviettar er kjøpt, og rosene er plukka ut og klare til å bestillast. For dei som har greie på rosenamn, har me valgt ut 'Memory Lane'. Det skal ikkje vera nokre dyre dekorasjonar - me går for enkle roser i forskjellige glas, rosa telys på skiferplater og steiner og skjell frå mange av mine strandturer...


Siri

tirsdag 9. august 2011

Har du sett...?!

Noreg har mykje å by på, det har eg aldri vore i tvil om.

Men då eg iløpet av sommaren hadde ein køyretur opp Hardanger og vidare, fekk eg meg ein gledeleg overraskelse når eg kom ut av ein tunnel og opp vegen langs Eidfjord.
Trea langs vegen var pynta i finaste handarbeid! Synd bileta vart litt mørke, for her er det snakk om friske, fine fargar. Nærbiletet viser litt detaljer også...



Her ser du trea på rekkje og rad; det eine finare enn det andre..

Må seie eg vart inspirert av dette, og planen framover er å strikke og hekle 'trekk' til lyktestolpane langs eigedomen min...





Må ta med biletet av Folgefonn òg - minstemann vart litt snurt i fjor då det var for dårleg vèr til å sjå Folgefonna. Denne sommaren fekk han ønskje oppfyldt. Onkelen hans hadde sagt at 'tenk om det finnes dinosaurar under fonna, det er jo ingen som veit'...


No nærmar det seg bryllup her i heimen, og eg bør nok gjer ein innsats snart..


Siri








torsdag 4. august 2011

Ny kakeoppskrift...?

Nei, langt ifrå!

Eg skulle berre lage Farmor's Firkløverkake...
...men kaka vart ikkje heilt vellukka, kan du sjå.
Min kjære er god; han sa,'det finnes ikkje mislukka sjokoladekaker, det har berre blitt ei fudgekake..'
Og det var heilt sant - kaka vart knallgod, sjølv om ho ikkje akkurat var eit vakkert syn.
Borte vekk på null komma niks!

Siri




tirsdag 2. august 2011

Det byrja i det små..

...og planen var å bruke opp 3 nøster babyull. Men då eg hadde kome til endes på siste nøstet, var ikkje oldemorruta stor nok. Eg tok meg ein tur til Krims & Krans, og Ane fann fram nokre flotte fargar.

Resultatet vart eit babyteppe på ca 70x70 cm.

No har eg funne fram fleire nøster i haustfargar, diverse kvalitet, så er det berre kor stort eg kjem til å hekla det...


Siri