lørdag 30. mars 2013

Enkle dokkevestar

006

Prinsessa har fleire veninner, og eg tenkjer dei alle har sine små dokker å passe på. Sidan prinsessa sin baby allereie har fått ein slik vest, har eg strikka eit par som er tenkt som vårleg gåve til 2 tvillingveninner. Det er ikkje mykje garn som går med, og mønsteret er superenkelt. Du finn mønsteret hjå ‘frances fra lykkeveien’. Søte knappar er enkel pynt.

onsdag 27. mars 2013

Smilande egg og glade jenter

014

 

Prinsessa og eg vart inviterte til våre tyske vener på påskeeggfarging. Superkoseleg pysleri for små og store jenter. Hardkokte egg og fargestifter.

 

016

 

 

Små, lubne hender held egget på plass medan det pyntes med nøye utvalgte vannfargar.

 

018

 

Eit ekte smilande egg !

 

tirsdag 26. mars 2013

Klukk Klukk

011

Høner strikka på same måte som i forrige innlegg, berre ikkje fylt og sydd igjen under. Koselege eggevarmere av restegarn.

012

013

mandag 25. mars 2013

‘Hønsestrikk’

005

Eller, påskestrikk er rette ordet… Ein rosa kylling, strikka i dobbelt mandaringarn på pinne #3. Eg la opp 30 masker, strikka glattstrikk 6 cm og felte av. Nebb og kam er kun rettstrikk, halefjær blomstervinger er hekla. To perler frå eit gamalt armband er sydd på som auger.

Eg strikka ein til i lilla, men plutseleg forsvann den oppi eit påskeegg før eg fekk knipsa eit bilete av den…

Siri

fredag 22. mars 2013

Vitengarden: Jærmusèet

010

Vitengarden: Jærmusèet er ein stad me er innom nokre gonger i året. Ungane likar seg veldig godt der, alle 3. Og sjølv om alderen er 5, 13 og 15, finn dei på mykje å gjera saman der.

Her er eit bilete frå ‘byggehjørna’. Material ligg klar, så ungar og vaksne kan lafta eit lite hus saman.

 

 011

 

 

Hjernetrim i form av pusleoppgåver er noko eg er glad i. Desse rosa brikkene ga meg ganske mykje bry, då dei skal puslast saman til å passa i kvadratet som er teikna på bordet. Og tenk – eit heilt bord fylt av oppgåver….!!

012

Ein traktor står til disposisjon. Her er knappar og brytarer for lys, blinklys og vindusviskarer, og rattet er lett å svinga på. Prinsessa er djupt konsentrert her.

 

 

 

013

 

 

 

 

Kafèen er open, og byr på heimebakst, kaffi, te, varm sjokolade, is og frukt. Det går fint å finna roen kvar gong me er på Vitengarden: Jærmusèet.

 

Det er stadig ting som skjer her, og  opplegg og aktivitetar er lett å finne ut av på nettsida deira; Vitengarden:Jærmusèet.

 

Siri

søndag 17. mars 2013

Fugleparken

005

Nyleg tok eg med meg min kjære og prinsessa til Nærbø, omlag 2 mil herifrå, og fugleparken der. Det var fyrste gong dei var der, og sjølv har eg ikkje vore der sidan minsteguten min var liten.

006

 

 

Fugleparken er ein fredeleg plett, og fuglane går fritt der inne og rotar litt på bakken etter noko å ete. Eg hadde laga til ein brødpose, så mat skulle dei få.

007

Her er haner, høner, kalkun, påfugl, perlehøns, gjess og ender. Ingen er særleg redde menneske, så dei vandrar lett rundt føtene dine der du går gjennom parken.

 

009

 

Endene kom vaggande etter oss der me gjekk, for dei visste nok at det var noko godt i posen. Prinsessa vart heller litt skeptisk, og skulle nok helst sett at dei var litt meir på avstand. Men tilbake, det ville ho allereie etter me kom heim….

Siri

onsdag 6. mars 2013

Trekk til maisboksane

012

Då eg for ei tid sidan hekla trekk til lyslykt, tenkte eg at eg kunne laga liknande trekk til små hermetikkboksar òg. Maisboksar er ein passe størrelse å bruka til fleire ting. Her har eg dei i bruk til heklenåler og broderisaks. Trekket er hekla med ‘botn’, og er enkle å ta av om dei eller boksen treng ein vask. Det er ein ull- og bomullsblanding eg har brukt, og heklenål # 3.

Planen er å hekla nokre trekk i glade vårfargar, og bruka boksane til små potteskjularer.

mandag 4. mars 2013

Slitesterk baderomsmatte

 002

Under ei opprydding fann eg nokre store nøster med oppklypte sengklede. Det er nok 3 år sidan eg gjorde det.

Heklenål #8 passa fint om eg berre hekla litt laust.

Denne matta er 80 cm i diameter, og kjem til å slitast på badet.

Eg hadde nokre små restar att etter å ha hekla baderomsmatta, og dei nytta eg til å hekla 2 bordskånere.

005