mandag 30. november 2009

Siste dag i november

Siste dag i november er komen. Nissen ligg lett henslengd i sofaen og kviler seg før den store innspurten byrjar. Han er strikka for fleire år sidan og er omtrent 70 cm lang. God og mjuk, og han er berre glad om me kvilar hovudet i fanget hans.

Nelliknissane sit i flokk i sleden. Eg laga dei for 5-6 år sidan, men dei dufter ennå godt av nellik. Sleden er laga på Åna fengsel, og smånissane sit trygt oppi den.


Anne-Liane og bamsen har funne seg godt til rette framfor spegelen. No har ho fått veske med godlukt i òg. Det er berre bamse som manglar noko nå; Ein strikkevest står på lista kva-eg-skal-byrja-på-snarast...

Ynskjer deg ein fin desember!


Siri



lørdag 28. november 2009

Små forberedelser

No er endeleg adventshelga komen, og det er tid for å gjere dei fyrste forberedelser til jula. På den lokale julemessa som var her nyleg, kjøpte eg meg ein quilta juleløper. Her ser du applikasjonane i midten, englar med skjerf og nissehuer. Eit nydeleg handarbeid som passar meg midt i blinken.

Det er heller ikkje mange dagane til eg skal ha juleverkstad her i huset, med fleire ungar i alderen 5-10 år. Og medan eg fann fram noko julepynt, dukka desse hjartene opp. Dei laga minste guten i huset og eg i fjor, og eg trur det kan vera noko å laga saman med alle dei andre på juleverkstaden i år.
Finn fram peperkakeformer, legg dei på ein tallerken med litt vatn i, dryss glitter i formene og drypp stearinlys i. Til oppheng har me hatt perler på tynn ståltråd, men det går fin å berre ha vanleg tråd òg. Eg har hengt dei i kjøkkenvindauget, og dei glitrar vakkert i lyset.



For to-tre år sidan overraska mor meg med ein pakkekalender. Ho hadde pakka inn både nytt og gamalt, og eg kosa meg ein heil haug med den.
Dette året tenkte eg å overraska mor med pakkekalender, og no er han ferdig og levert. Det gleda meg at kalenderen vart motteken med stor takk.
Siri



torsdag 26. november 2009

Med finkjolen på

Det går mot advent og jul, og tida er inne for å finna finstasen fram. Tøydokka, Anne-Liane , hadde ikkje anna enn ein topp og ei blondetruse, og kviskra så fint i øyra mitt om ho kunne få kjole til jul. Eg fann fram noko garn , sock 4 frå Hjerte, mønster frå boka 'Brukt på nytt, og sette igang. Det gjekk berre eit par kvelder, så var kjolen ferdig. Anne-Liane vart kjempeglad. No er ho klar for advent og jul. Og når ho ikkje sit modell for fotografen, har ho funne sin plass i armkroken til bamsen.
Siri

mandag 23. november 2009

Ein hyggeleg helsing

I dag fekk eg ei hyggeleg helsing i kommentarfeltet på forrige innlegg. Eg kunne gå til mormors verden og henta ein award. Ho har ein koseleg blogg, og eg hugsar godt innlegget hennar om pakken frå Hobbybodens 'hemmeleg uven'. Då sat eg her og smålo for meg sjølv medan eg ennå venta i skrekkblanda fryd på at min skulle koma med posten...
Tusen hjarteleg takk!
Ved å motta denne awarden, er eg forplikta til å gje den vidare til FEM andre nyoppdaga blogger. Og sida eg ikkje har vore i bloggverden så lengje, reknar eg alle blogger for nyoppdaga.
Her er dei fem eg gjerne vil gje awarden vidare til:
Eg vil samstundes nemna at eg har fått ei utfordring frå Brit's små puslerier, men eg treng litt tid på den :)
Siri

lørdag 21. november 2009

Av utbrukte t-skjorter

I sommer hadde eg ei opprydding i klesskåpet mitt, og sorterte vekk alle dei utbrukte t-skjortene mine. Og etter å ha lese boka 'Brukt på nytt' av Kathrine Gregersen, sette eg igang med å klyppa dei opp i remser og nøsta dei opp. Nyleg fann eg fram nøstene og strikkepinnar, og eg er godt nøgd med resultatet. Gryteklutane er tjukke og gode i hendene, og eg har allereie byrja på fleire i andre fargar. Det gjer ein god følelse å ikkje måtte kaste kledene..
Siri

fredag 20. november 2009

Kan eg få vera med deg heim?

Då eg gjorde meg ei lite ærend innom 'Gjenbruk', ein gjenbruksbutikk som Misjonssentralen driv, sat denne karen på eit bord og venta på meg. Han spurde høfleg: -Kan eg få vera med deg heim? Eg tok han under armane og lyfta han opp. - Klart du kan, svara eg. No sit han i stova mi og ventar tålmodig på at eg skal laga han nokre nye klede.
Han er ganske stor, ca 45 cm høg, og det verkar som han ikkje har vore i bruk, berre til pynt. Og han er maken dei to bamsane som var å finna heime hjå oss då eg var liten. Men jentene hadde dokker, og gutane hadde bamsar. Eg har alltid likt denne typen bamsar, og eg er utruleg glad for at denne fann meg. Men kva heiter han?
Siri

torsdag 19. november 2009

Eg fann, eg fann..

Kva fann du no?
Nyleg tok eg meg ein svipptur innom Fretex, då det var ei lita stund sida sist. Og heldig som eg var, hadde det kome 'nye' varer den dagen, så det var berre å leita, eller som Fretex sjølv seier det; Du leitar ikkje, du finn.
Fyrste funn var eit par gryteklutar, heilt ubrukte og i nokre skikkeleg glad-fargar. Dei minnar meg om slike farmor mi hekla. Og 25 kroner for handarbeidet var ikkje mykje. Eg trur det kjem til å verta dei nye påske-klutane mine...

Fretex har byrja finna fram jule-varene sine, og eg vart såå glad for å finna desse juletrekulene. Det var slike me hadde hengjande på juletreet heime då eg var liten. Dei skin vakkert i lysa, og me kjem nok til å ha stor gleda av dei mange juler som kjem.
I ein stor koffert på golvet låg fleire posar med mykje småting i. Eg plukka med meg ein, for 15 kroner, utan å sjekke innhaldet noko særleg. Her er noko av det, og det vesle 'egget' til høgre må vera den minste julekrybba eg nokon gong har sett. Det er ca 3 cm høgt, og skåret ut av stein.


Her har kan du sjå det litt betre...



Siri

lørdag 14. november 2009

I det siste

Dei siste to vekene har vore travle. Ei venninne og eg har forberedt til julemessa denne helga. Men før me byrja, tok me oss tid til å vandra opp i heia her, til denne hytta, kor me kosa oss med medbragt lunsj. Det er mest ingenting som smakar så godt som turmat saman med gode vener.
Ellers har eg bakt. Det går i julekaker no. Advent er like rundt hjørnet, og det skal byrja lukta julebakst og fyr i ovnen. Tenna stearinlys om kvelden, og verkeleg setja pris på denne tida, helst saman med nokon.

Her har eg bakt 'Sandnøter'. Oppskrifta er som føljende:

  • 250 gr smør
  • 150 gr sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 egg
  • 200 gr kveitemjøl
  • 300 gr potetmjøl
  • 2 ts bakepulver
  • Kna saman, trill kuler som klemmes med gaffel, og steikes ved 180-200 grader i 10 minutt



Siri

mandag 2. november 2009

Til kalde dagar

Forutan sokkar og kjøkkenklutar trur eg det må vera oppskrifta på denne hua eg har brukt mest. Eg trur eg har strikka omtrent 6-8 stk av den. Garnet eg brukar er Alfa, som eg tykkjer er godt å strikka med, og oppskrifta fann eg i eit Allers i fjor vinter. Og eg har garn liggjandes, så det vert nok fleire av desse denne vinteren òg.
Men no vert det ein liten pause i handarbeid i 2 vekers tid. No er det berre forberedningar til julemesse som gjeld ;)
Siri