søndag 30. november 2014

Vinnar av give away

Då har eg gjort ei trekning ved hjelp av Random.org.
Det var 9 lesarar som ville vera med, og Random ville at nr. 9 skulle få desse til- og frå-lappane i posten.
Nr. 9  er Sigrid, med bloggen 'Refleksjon på livsvegen'. Gratulera!!!
Snart får du ei lita pakke i posten.

Siri

fredag 28. november 2014

Muffinshue og snart trekning


Tommel opp for alle hærlege bloggere som deler med seg av inspirasjon og oppskrifter! På ei av mine vandringar i Blogglandia fann eg 'Ida Amalies Hobbykrok - med oppskrift til muffinshue. Ho har forøvreg utallige flotte oppskrifter som ho deler med seg ♥

Biletet av hua er langt frå det beste, men sånn kan det gå når det absolutt skal tas bilete av ting på seine kveldar, og nå er hua allereie gått på skulen....

Eg strikka i kun restegarn; brunt nederst, drops ekstra fine merino, lakserosa på toppen, smart, og kvit blondekant og kirsebær, som eg trur var noko mini alpakka. Str 8 år passa perfekt til husets prinsesse på 7!

Så vil eg berre gje ei påminning om min give away som trekkes på sundag. Link tinn du til høgre.

Ønskjer på tampen ei god helg!

Siri

mandag 24. november 2014

Pizzabrød

Pizzabrød er ein slags innbakt pizza; me brukar ein litt anna slags deig.

Eg laga denne for nokre dagar sidan, med beskjed frå ungane at dette ville dei ha igjen, SNART!! Det er ord me likar å høyre ;)

Eg har laga det til foreningsmat òg, og det var suksess der òg. Det er berre å laga fyllet som du ønskjer - her har eg brukt karbonadedeig, lauk, chili, mais, tomatpurè, oregano + salt og peper. Dei kvite  firkantane du ser er osterestar, teken opp frå fryseren.
Her er oppskrifta på deigen;
400 gr kveitemjøl
1 pk gjær
1 ts salt
2 dl mjølk, lunken
100-150 gr smør
1 egg

*Kjør alt saman i ein kjøkkenmaskin i 10 minutter, og la deigen heva medan du lagar fyllet.
Kjevle til ein stor firkant, og ha fyllet på midten, med ost oppå (sjå 1. biletet).
Legg over deigen som eit brød, og ha evt litt ost på toppen. (eg har brukt meir av den frosne resteosten).

Eg laga fyll av 400 gr karbonadedeig.

Steikes ved 200 grader i ca 25 minutter.
Server med ein god salat og nyt ;)

Siri

søndag 23. november 2014

Høstløv

Klutar vert eg aldri lei av å strikka! Og eg har, som sååå mange andre, kjøpt boka 'Kluter', av Bitta Mikkelsborg.

Etter mykje skepsis, heiv eg meg i gang med eit nøste 'elise', forresten vunne på ein give away hjå Tante er fortsatt GAL, Vibbedille :)

Grunnen til tvil var rett og slett sidan det er miks bomull/akryl, og vaskehenvisning på 30 grader.
Vel, vel, eg lot meg frista av fargar, og glad er eg no!

Høstløv er mønsteret, strikka på pinner 3,5, og eg elskar simpelthen fargeskiftningane her! OG - eg har eit halvt nøste att, som eg vil finna eit anna mønster til, altså klutemønster ;)

Siri

fredag 21. november 2014

Kardemommekaker


Desse kardemommekakene er av dei enklaste kakene å laga.
Knallgode saman med gløgg, men òg til kaffien.

Eg laga deigen dagen før, for den må liggja ei stund i kjølekskapet innan steiking. Deigen kan fin liggja innpakka i kjøleskapet i ei veke før steiking :)

Du får omtrent 80 kaker, og om du vil vera sikker på at du har nokon att til julaften, kan du fint frysa dei ;)

Oppskrifta er;

225 gr smør
1 dl sukker
1 dl hakka mandler
1 ss malt kardemomme
6 dl kveitemjøl

Steikes på 225 grader i 8 minutter

*Rør smør, sukker, mandler og kardemomme kraftig saman.
Arbeid mjølet inn ( eg brukte kjøkkenmaskinen til alt ).
Del deigen i 4, form dei til firkanta lengder og pakk dei inn i folie. La dei liggja i kjøleskapet i minst 2 timar.
Skjær lengdene i skjever og legg skjevene på bakeplate.
Steik dei i 8 minutter.

Nyt! ;)

Siri

onsdag 19. november 2014

Pepernøtter


No er endeleg julebaksten i gang. Det duftar godt, og kjennes godt ut, når kakene blir baka, den eine sorten etter den andre.

I kveld ligg desse pepernøttene til kjøling, og skal snart i boks.
Her er oppskrifta;

2 dl sukker
250 gr smør, eg brukar bremykt
2 ts sirup
1 egg
1 knivsodd malt peper
1 ts malt ingefær
1 ts kanel
1 ts kardemomme
2 ts malt stjerneanis
7 dl kveitemjøl
2 ts natron

*Sett steikeovnen på 175 grader
Rør sukker, sirup og smør kvitt. Ha i egg og krydder. Bland kveitemjøl og natron, og ha i til slutt.
Del deigen i 4 delar, trill pølser av delane og del kvar pølse i 20 stykker. Trill stykkene til kuler og ha dei på bakepapirkledd steikebrett.
Dei hever litt i ovnen, men det gjekk fint å steike 40 stk pr brett.
Steik pepernøttene på midterste rille i ca 15-17 minutter. Avkjøles på rist, innan dei vert oppbevart i boks.

Det går fint å fryse også.

God bakst!

Siri

tirsdag 18. november 2014

Tips til barnas juleverksted

Eg hadde nyleg overnattingsbesøk av min tantegutt på 4 år, og besøk av mitt fadderbarn, også 4 år.
Saman med husets prinsesse, 7 år, sette me oss ned med lett pusleri, som eg fekk inntrykk av at alle 3 ungane likte godt å gjere.

Eg hadde liggjande ein liten gjeng med enkle telysestakar, kjøpt på Ikea, og nokre rullar med washi-tape.

Å klistra på tapen var enkelt for ungane, men utfordringa var å få den 'beint' på. Washi-tapen er ypperleg å bruka, for den går ikkje i stykker når man må ta den av og på for å rette på den.

 Eg fekk inntrykk av at dei òg følte mestring og stolthet over å lage noko så dekorativt.

Alle telysestakane forsvann inn i innpakningpapir, med til- og frålapp med 'til mor' på.

Biletet er av den einaste som var til overs, og eg var så heldig at eg fekk den.

Siri

søndag 16. november 2014

Rillestrikka vottar

 
Eg har strikka eit par med rillestrikka vottar, mønster frå Nøstebarn.
Dobbel tråd mini-alpakka og størrelse 6-8 år....
Kor gjekk det galt?
Den eine votten er vidare enn den andre, men det utlikna eg med å hekla stjernepynt som visar til at det blir høyre-votten.
Men - dei passar jo til MINE hender.....
Ergo, neste par skal strikkast med mindre pinnestørrelse, og jevnere strikkefasthet :p
 
Dei blir i det minste kjekke å ha i veska, i tilfelle neglesprett og slikt :)
 
Siri

lørdag 15. november 2014

Hals - med oppskrift

Det enkle kan vera ganske lekkert. Denne halsen er av det slaget...
Denne er strikka av 2 ulike garntyper, kor den eine er litt skinande og har paljettar i seg. Me treng å 'glitra' litt no på denne årstida..

Oppskrifta er superenkel;

Du trenger 2 nøster Mini Alpakka, frå Sandnes garn, og 2 nøster Paljett, frå Svarta Fåret.
Ein rundpinne 8 mm , 60 cm

Legg opp 150 masker og strikk rettstrikk rundt til du har brukt opp garnet, og fell av.

Vid og god hals som kan surrast 2 gonger utan å stramme.

Siri

fredag 14. november 2014

Mal fram varme og kos



Eg har prøvd meg på akvarellmåling, i enkel stil. Ein måke og måkeungen, kort gras og nokre tiriltunger rundt.
Eg seier meg nøgd med dette biletet - her likte eg det enkle...

Siri

mandag 10. november 2014

Give away - til- og frå

Eg fekk lyst å ha ein aldri så liten give away igjen. Håpar det kan friste å kunne vinna nokre resirkulerte til- og frå-lappar? ;)

Her er 4 julete utgåver, eit med litt gulltråd i, og alle med perler.
Baksidene har god plass til å skrive til- og frå, eller så kan dei rett og slett pynta opp på juletreet.

Reglane er enkle;
Skriv ein kommentar, og du er med i trekninga. Eg trekkjer ei vinnar den 30. november.

Lykke til!

Siri

søndag 9. november 2014

Av gamle kort - ein slags DIY


Det er alltid fint å motta kort, det vere seg julekort eller andre kort, men kva gjer me med korta etter ei tid?
Eg veit det er mange som samlar dei, og vil ta vare på dei - eg gjorde det , eg òg, i lang tid.
No har eg funne fram korta mine, og laga til-og frå-lappar, eller julepynt om dei heller passar til det.


Her kjem ei enkel forklaring på korleis du òg kan resirkulera dine kort, om du vil;

Du trenger: gamle kort, saks, lim, holetang, heklenål, restegarn, evt perler og ei nål.


*Lim eit ark på baksida av kortet, berre for å skjula skrifta der.
, og la det tørka.
*Bruk eit eggeglas e.l. og teikna ein ring rundt - med mitt glas fekk eg plass til 3 ringar pr kort.
*Klipp ut og lag hol rundt heile rundingen.
*Start i 'øverste' hol og hekle fastmasker rundt - 3 fm i kvart hol.
*Fest med ei kjedemaske i første maske, hekle evt ei perle fast samstundes som du hekler 20 kjedemaskar og festar i første maske med km, til eit oppheng.
*Fest trådar.



Her er  2  utgåver utan julemotiv.

Er det noko du lurer på angåande desse til-og frå-lappane, er det berre å spørje, så skal eg gjer mitt beste i å forklara..

Eg veit at nokre av desse motiva passar veldig godt på juletreet ;)

Siri

onsdag 5. november 2014

Bobler på toppen

Puh...! Då var eg ferdig med bobletoppen til jenta på snart 4 år. Ho har kome inn i den rosa perioden, og mora hadde eit ønske om topp i knall rosa... men rosa er rosa, tenkjer eg.

Toppen er strikka i Ask, frå hillesvåg. Pinnar 3,5 og det gjekk med 100 gram.

Oppskrifta fann eg i bladet 'Herlig Strikk', frå Allers - oktober 2014.

No er eg heilt klar for anna enn rosa, men heilt kva det blir, veit eg ikkje....

Siri

mandag 3. november 2014

Stearinlys DIY

 I løpet av året brenn eg ganske mykje lys, og eg samlar 'stumpane' i ein boks. Desse har eg no teke fram for å smelta om.
 Litt lysveik - både ferdige lengdar og i metervis, tome koppar, tomatpurèglas og telyskoppar, i tillegg til ei gryte med kokande vatn og eit litermål i metall...



 Lysstumpane delar eg i mindre bitar, og tek ut restane etter gamal veik.
Sorterer litt etter farge, gjer eg òg.




 Nokre lys er lettare å skjæra i enn andre...

Metallitermålet set eg oppi gryta med kokande vatn.
Så legg eg oppi dei lysaste stumpane først, og lar dei smelte. Kor lenge det tek å smelta kjem an på tjukkelsen på stumpane.



Lysveke i metervis klippet i passe lengder og knytt rundt ei teskei. 
 Veiken støttar eg slik at den held seg om lag på midten.
Smelta stearin tømer eg oppi glasa og koppane.
Når eg har brukt opp den lysaste massen, går eg vidare til neste i fargeskalaen; denne gong til grønt.....
Siste fargemiks frå meg var raudt og brunt, og eg er ikkjeså nøye på om det er grøne restar att, alt mikses og blir brunleg allikevel...
(pc'en har hatt ein krasj, og eg får ikkje til å snu bileta etter det)
Her er resultatet for denne gongs resirkulering. 2 grå, 2 grøne og 3 brunlege lys...
Dei treng berre stå og stivna heilt innan eg tek av veikestøttene....

Håper dette kan vere til inspirasjon og glede.

Siri

søndag 2. november 2014

Bobletopp til prinsessa


Bobletoppen er i str 8 år og strikka i Smart frå Sandnes ullvare. Fargen er meir lakserosa, så biletet lyg litt. Oppskrifta sa eg måtte ha 300 gr, men eg starta berre såvidt på det 5. nøstet.

Av resten av garnet strikka eg ei pannebånd-krone. Her brukte eg dobbelt garn på pinne 3,5. La opp 15 masker og strikka rillestrikk medan eg auka til 20 masker og minka til 15 osv.
Prinsessa er stornøgd!

Eg har allereie byrja på ny topp i str 4 år, men i Ask, frå hillesvåg..
No trur eg at eg kjenner ei som vil jubla, for jenta er midt i den rosa perioden, sjølv om mora synes det kan bli litt mykje rosa..

Siri