fredag 29. april 2011

Huskelapp

På lånt pc har eg ikkje bileta av det eg ønskjer blogga om, så eg skriv heller ein huskelapp til meg sjølv :)

*sokkar i fleng
*nøstebarnsjal
*lukkeleg vinnar av påskenøttene hjå Mayen
*endeleg ei unnskyldning for å handla noko eg har hatt lyst på i evigheter

Elles nyt eg årstida, same korleis vèret er - det er lysare kveldar som gjeld!
Måtte helga innehalda noko fint for både deg og meg ;)

Siri

mandag 25. april 2011

Enkel strikking....

...er ikkje alltid like enkel...

Eg er veldig glad i boka 'Strikk til nøstebarn' av Kathrine Gregersen. Enkel strikk med forståelege oppskrifter. Men det er mogleg å gjera feil på dei enklaste oppskrifter òg. Her har eg strikka hals av Sandnes mini alpakka, og eg kan understreka at oppskrifta ER enkel, men eg klarte likevel å gjer ein feil... Det skulle vore fleire maskar framme, og ikkje som her, bak. Allikevel er eg sikker på at halsen kjem til å gjera nytta uansett..



Av Sandnes mini alpakka restegarn har eg strikka eit lite sjal frå same boka. Eg er sikker på at det kjem til å varma skuldrene til ei prinsesse, for det er i minste laget for vaksne skuldre. Det kan til nøds brukast som skjerf..



Eg har òg gjort ei trekning blandt mine følgere, og vinnaren av mine hekla gryteklutar er; Anja med bloggen Mosskov Design. Send meg mail med namn og adresse, og gryteklutane er snart på veg til di postkasse :)


Siri



mandag 18. april 2011

Kjære følger...

For nokre innlegg sidan nemde eg at eg dann og vann ville trekkja ut ein 'vinnar' blandt mine følgere. No er vèret fantastisk, me er inne påskeveka og eg har gode dagar. Og eg har allereie hekla meg eit par av desse gryteklutane, så eg tenkte at eg kunne gje vekk dette paret til ein av mine hærlege følgere. Innan mitt neste innlegg skal eg trekkja ut ein vinnar :)


Og, ja, som eg har fått spørsmål om før; eg samlar på hekla gryteklutar...


For ei lita tid sidan var eg ein av vinnarane hjå 'Atelier Kari' sin give away. I dag kunne eg henta ein spanande pakke på posten, og som du ser inneheldt den ein nydeleg hjartekrans laga av Finnskoglav... Eg har hengt hjarta i vindauget ut mot vegen, så alle som går forbi kan sjå kor flott det er.. Tusen hjarteleg takk, Kari!! Måtte påskeveka vera god for både deg og meg! Siri

tirsdag 12. april 2011

Påskepakke

Nok ei gong har eg meldt meg på 'hemmeleg ven' i Hobbyboden. Det er ikkje lett å motstå moglegheten til å få pakke i posten...

Pakken i april innehaldt 3 nøster Drops Merino extra fine i ein fin mørkebrun farge, 4 treknappar med hjarter på, ein rull med kremfarga silkeband og ein yndig liten pose med to nydelege heimelaga øyredobbar i..

På det knallgule påskekortet står det;


"Kjære Resirikulert Siri

Her kommer april-pakken fra din hemmelige venn. Jeg snoket litt på ønskelisten din og så at garn i jordfarger stod oppført. Da måtte jeg bare gå for et mykt og deilig garn i en av mine favorittfarger, brun. Kanskje garnet kan bli en myk hals som kan pyntes med innholdet i papirposen.

Som et hint til deg om hvem jeg er har jeg laget noe til deg som du finner i tøyposen.

Håper gaven faller i smak.

Ønsker deg ei riktig fin og god påske.

Klem fra din hemmelige venn."

Eg trur nok garnet kjem til å verta eit flott påskehandarbeid!

Tusen hjarteleg takk for ein flott pakke!!


Siri

søndag 10. april 2011

Lykken vokser på vår

egen åker og kan ikke plukkes

i fremmede hager.

mandag 4. april 2011

Ny bruk av 'gamle' perler


Dei fleste som har ungar, og antagelegvis mange andre òg, har kjennskap til Hama-perler...


Her er 'ny' og artig bruk av perlene;


*smør litt matolje i ei ildfast form og legg oppi perler langs bunn og kantar.

*la det steike i ovnen på 200 grader i cirka 10 minutt. Følg med mot slutten.


Bruk som skål, eller som her, til telys.


Siri