torsdag 20. september 2012

Loppemarkedskupp

Nyleg hadde øvre bygda her loppemarked, og eg gjorde verkeleg eit kupp. Desse 6 bøkene vart med meg heim for den nette sum av 30 kroner totalt!
 
Eg minner òg om give away'en min som trekkes seint i kveld. Klikk deg inn på linken til høgre om du vil vera med :o)
 
Siri

søndag 16. september 2012

Skal det være ein kjeks?

Prinsessa er veldig glad i å leike piknik, og har eit lite utval av leikemat. Eg ville utvida sortimentet hennes, så eg hekla nokre fyllte kjeks. Enkel bruk av nokre restar garn, og så kjekt å servera veninner og dokker.
3 x 3 rundar fastmaskar, og sy saman...
Jellybelle har funne seg godt tilrette no, og er elska av alle i familien. Ho sjarmerer gjestene som kjem innom òg.
 
Siri








torsdag 13. september 2012

Kvardagsengelen Mayen

Det finnes mennesker som set djupare spor i livet ditt enn andre. Lenge har eg satt pris på og få delta i kvardagen til Mayen, gjenom bloggen '..mye moro med masker, mønster og mattefiller..' . Men nyleg overraska ho meg ; eg fekk ein pakke i posten frå henne, med to hærlege hobbybøker. Eg vart utruleg glad, for, som nemt i tidlegare innlegg, mista eg ein del bøker, mønster og garn i kjelleroversvømmelse...
Vedlagt i pakken låg eit kort kor ho skriv;
 
'Til søte Siri
Fra blogge Mayen
 
I dag har æ 'post dag', dvs æ skriv brev og kort og sender pakker, (bursdager og 'bli glad' gaver)... Og siden du desverre fikk vann i kjelleren og ting du skulle kose deg med ble ødelagt, så får du dagens 'bli glad' pakke :o) (Vel, en av dem..) Noen hobbybøker har æ to av, så da er det bedre at du nyter dem enn hybelkaninene! ( Ikkje rart bloggen min måtte ha: ..mye moro.. i tittelen!) Kos dæ! STOR KLEM.'
 
Og eg kjem til å kosa meg, ja! Har allereie handla inn litt hobbyssaker som skal brukast til nisser og engler.
 
Eg tenkjer også at nokon og einkvar antageleg skulle hatt ein slik 'postdag' av og til, og gleda andre i kvardagen med nokre handskrevne ord, og kanhende ei lita gåve i ny og ne...
Tusen, hjarteleg takk, Mayen!!
 
Siri


onsdag 5. september 2012

Ikkje heilt ønska..

For ei lita veke sidan fekk me kjelleren full av vatn. Forfærdeleg lyd å vakna til midt på natta; at det renn ein liten foss inn gjennom kjellerdøra, og så oppdaga at me kan ikkje anna gjera enn å venta på at det skal gje seg...
Eg hadde andre ting å tenkja på enn å ta bilete av galskapen, men det er enkelt å setja opp ei liste på kva som gjekk tapt.

~ garnlageret mitt, som byrja bli akseptabelt stort
~ Hobbybøker og oppskriftshefter
~ seng
~ kister
~ 2 pc'er
~ gitarer, forsterkere og andre dibeduttar som min kjære har ein del av
~ fryseboks
~ fotoalbumar

i tillegg var det ganske mykje som måtte vaskast og rensast.
Så kan eg jo nemna at 2 rom må få nye golv og vegger...

Så no står kjellaren 'på hovudet', og eg har funne nokre garnrestar som eg kan få strikka nokre tøfler utav.

Siri