fredag 31. oktober 2014

Haust, kos og den heldige vinner


I dag har eg skåret ut gresskaret, og sett det på trappa ute med lykt i. Prinsessa vart overlykkeleg då ho såg det, og dansa av glede.

Etterpå gjorde eg ei uhøgtideleg trekning av min give away. Vinnaren av den hekla stjernerekkja er ; Refleksjon på livsvegen. Gratulerer! Send meg ein mail med namn og adresse, så finn snart stjernene vegen til deg...


Fyllet i gresskaret baka eg ei kake av. Oppskrifta fann eg hjå Marias Salt og Søtt. Min kjære kunne skriva under på at den var GOD!

Siri

torsdag 30. oktober 2014

Juleglede

No er planane klare for julefeiringa dette året. Me er så utrolig heldige som får lov å være vertskap for andre, barnefamilier og enslige, på Ognatun.

I fjor var første gongen det vart arrangert, og det er eit rusfritt arrangement , bygd på norske kristne tradisjonar. Her er det åpent for alle slags nasjonalitetar.

Eg gler meg, og håper vi vil få til ei minneverdig julefeiribg for små og store. Me treng nokre sponsorer til , som kan bidra med julegodteri til alle barna, og slik at alle kan få ei julegåve kvar.

Siri

onsdag 29. oktober 2014

Snart trekning


Desse muntre små troll har kome for å minna oss på at det snart er trekning på DENNE give awayen.... Vil du vera med, så heng på ;-)

Siri

lørdag 25. oktober 2014

Fleire knappemagnetar


Her er eit knippe knappemagnetar til. Rett og slett alt for enkelt å laga :-)

Siri

Knappemagnet


PA252329
Nokre gonger undrast eg på kvifor eg ikkje har tenkt på akkurat ‘det’ før. No var ei slik gong… Eg har jo ei fiiiin samling knappar ~ gamle knappar som er klypt av gamle klede, knappar fått av farmor/mor/vener, og knappar kjøpt fordi dei rett og slett var fine, eller tenkt til eit ustarta prosjekt…
Her har eg funne eit lite knippe knappar, limt dei på ei magnet, og VIPS så kan dei gjera nytta for seg på f.eks kjøleskåpet..
Eg har brukt ein liten dråpe superlim på kvar, og magnetane fann eg billeg hjå Søstrene Grene…
Kom gjerne med forslag til ny bruk av gamle knappar Smilefjes som blunker
Eg minnar òg på min aldri så lille give away komande fredag….
Siri

torsdag 23. oktober 2014

Mi veke






Blyanten er ein god ven av meg. Her har den fortalt ei historie om ei kråke. Ho sit på ein stolpe og ser seg oppmerksam rundt. - Er der noko i nærheten eg kan stjela....?
Ellers har eg stadig garn på pinnane.... fargen er skarpare enn på biletet, og skal bli ein topp til prinsessa. Smoothien er ton-i-ton med strikketøyet. (Eg har nyleg kjøpt meg smoothiemaskin. ...)


Denne samanplantninga fekk eg levert på døra; ein nabo var takknemlig for godt huspass. Eg kan gjerne passe fleire hus om det blir sånn... ;-)

Siri

mandag 20. oktober 2014

Sebra

 

SEBRA


av Shel Silverstein


Jeg spurte en gang en sebra:
Er du sort med hvite striper
eller hvit med sorte striper?


Og sebraen så på meg og sa:
Er du sterk med svake sider
Eller svak med sterke sider?


Er du god med onde påfunn
eller ond med gode påfunn?


Er du glad med triste dager
eller trist med glade dager?


Er du flink med dumme innfall
eller dum med flinke innfall?


Og slik fortsatte og fortsatte
og fortsatte den,
og aldri, aldri, aldri, ALDRI spør jeg
en sebra om striper igjen.

 

Dette diktet får meg til å smila, samstundes so det får meg til å tenkja etter på kor forskjellig det går an å sjå på ein og same ting. Eg håpar du òg vil trekkja litt på smilet og kanskje dvela litt ved det..

Siri

søndag 19. oktober 2014

Kake'lys'


Mitt komande bonusbarnebarn er ganske interessert i Minecraft,  eit spel på data for dei som ikkje har kjennskap til det.  Og no er det ikkje lenge til han har bursdag.  I den anledning har eg funne fram perler og perlebrett, og laga minecraft- kaketoppere til han.  Eg er ganske sikker på at dei kjem til å falle i smak.

Siri

lørdag 18. oktober 2014

Knappar og tråd


Å samla på knappar er vel og bra.  Men dei skal brukast også.  Eg har kasta meg ned i knappeskuffen min og funne eit knippe med firehols-knappar. Heklenål nr 1,5 og heklegarn. Først hekla eg blome rundt knappane. Så hekla eg ei remse til å festa dei på. Eg trur eg skal leita etter litt farga heklegarn også; prinsesser vil ha fargar!


Glimt frå mitt skrivebord. ..

Siri

fredag 17. oktober 2014

Spiderman er helten…

 

PA102310

…til tanteguten min, som nettopp vart heile 4 år. Eg fortalte at eg hadde laga spidermankake til mine egne store gutar, og sa at om han ville, så kunne eg laga ei til bursdagen hans òg. Jau, det ville han så veldig gjerne! Spiderman er nemleg den store helten hans for tida, og han held lange samtalar med meg om kor god han er.

Kaka er plassert på ei steikeplate, og den blå glasuren er ikkje heilt der den skal vera alltid. Men spidermankaka vart godt mottatt av store, små gutar.

Det var kjekt å ha ei anledning å baka ‘figurkake’ til att.

Oppskrifta på sjølve kaka finn du HER, og kremen er dobbel porsjon med smørkrem, tilsett farge.

SMØRKREM

100 gr smør/margarin

300 gr melis

1,5 ts vaniljesukker

3 ss melk eller juice (eg brukte appelsinjuice)

*miks godt saman med ein mixar

Siri

torsdag 16. oktober 2014

Snøkrystaller

 

PA142314PA142315PA142316PA142317

Denne jula vil eg pynta med mest mogleg heimelaga pynt, saman med ting frå naturen. Eg har ein del frå før av, men det er alltid kjekt å laga ny pynt.

Eg vil hengja snøkrystaller i vindauget, og har byrja hekla eit lite knippe. Hekla av naturfarga ullgarnsrestar og stiva litt med sukkerlake. Mønster er henta frå Pinterest, kor eg har konto under ‘reSIRIkulert’ Smilefjes som blunker.

I dag fekk eg pakke i posten, frå ei kjær venninne i Fredrikstad, fylt til topps med kastanjer ♥ Kastanjer er ikkje det vanlegaste tre å finna på jæren, og det er noko med dei blanke nøtene eg berre elskar. Har du forslag til forskjellig pynt eg kan laga utav dei? Gjerne små puslerier å gjera saman med småborn også.PA082308PA082309

Siri

onsdag 15. oktober 2014

Stjerne–Give Away

 

PA142312

Eg har byrja pusla med førebuingar til vinter, og har i den anledning hekla ei ‘Stjerne-rekkje’ som eg gjerne har lyst å gje til ein av mine kjære lesere. Om DU har lyst å vera med i trekninga, er det berre å skriva ein kommentar til dette innlegget.

Kommentar –> 1 lodd

Kommentar OG link til dette innlegget –> 2 lodd

Bruk då biletet å linka med.

Eg trekkjer ein vinnar 31.oktober.

Lykke til!

Siri

tirsdag 14. oktober 2014

Sånn går nu dagan…

Den eine dagen er den andre ulik, heldigvis. Men ei ganske lang stund har dagane mine vore altfor like. For eit par år sidan slo ein depresjon meg ganske ut. Hovudet var så trøtt at resten av meg ikkje klarte å fungera fullt ut på jobb lengre. Det er slitsomt å vera sliten.

No er eg midt oppi arbeide med å ta kvardagen min tilbake, og går i kunst- og uttrykksterapi. Eg har funne att gleda i å bruka ark og blyant, måling og leire. Skapargleda kjem meir og meir til overflata, og vil gjera sitt inntog i ledige stunder.

575911_576115605753483_1920904781_nKvardagen har fått ein smule meir overskot, og eg klarer å sjå at det går framover. Eg har fått meg treningskontakt, og saman driv me styrketrening. Dette er med på å byggja opp om sjølvfølelsen, kjenner eg.

Det er terapi i å vera meir åpen om kvardagen min òg. Å ufarleggjera temaet depresjon. Galgenhumor er ein viktig støttespelar her.

Så, morgondag, kom og ta meg – eg er klar!

Siri

biletet er funne på nettet…

Rosa sløyfe


Oktober er den rosa månaden, med sløyfa som sentralt symbol.
Eg har kjøpt meg ny kopp med rosa sløyfe, og strikka små renseklutar med rosa sløyfe. Mønster på klutane er utdrag frå rosa søster- kluten til Bitta Mikkelsborg. Ho har eigen blogg og eiga gruppe på facebook.

Siri

søndag 12. oktober 2014

Restekatt

 

P9012256

Ein katt sydd av gamalt dynetrekk og ‘trollgamle’ knappar. Fuglen i kattens pote er sydd av nokre restar eg hadde att frå stoff brukt til Prinsessas klede. Mønsteret er henta frå ei av ‘Tilda’-bøkene.

Ikkje den søtaste Tildakatt, men den har sin rustikke sjarm, tykkjer eg.

Den har fått ein god heim hjå min mellomste son.

Siri

Mus på en løvetann

Ei lita teikning vart til i kveld.
Eg sit åleine og nyt fred og ro.  Det er ikkje heilt kvardagskost, så då kan tida gå utan eg heilt ensar det. I kveld er det små tankar som har festa seg på papiret.

Siri

onsdag 8. oktober 2014

Klutar


Ja, eg har også kjøpt boka 'Kluter' av Bitta Mikkelsborg. Eg byrja med 'Renseblad' for så å strikka kluten 'To fugler i hånden'. Sistnemnte hadde eit par skjønnhetsfeil, men pytt pytt tenkte eg. Det kan ordnast med feilfri neste klut. Eg heiv meg på 'Stier', men eg er sikker på at me har ein nisse i huset som driv og nisser. . Jammen fekk denne kluten ein feil på seg også... men alt i alt er eg nøgd; klutane er mjuke og gode.

Siri

tirsdag 7. oktober 2014

Haustkveld i Kvassheim hamn

 

P9242283P9242280

P9242283P9242290P9242284P9242289

Bilete teke i Kvassheim hamn, iløpet av 5 minutt, ein haustkveld….Jæren, mitt jæren ♥

Siri

Saftig ‘dugnadskake’

 

P9272297Dugnadsånden er stor i bygda, og idrettslaget er ei av kjeldane for dugnad. Nyleg vart eg spurd om eg kunne baka ei kake til eit arrangement der, og eg svara ‘ja’. Valget var fritt og eg hadde lyst å baka ei saftig kake.

Eg nytta meg av bloggen Chocolanas Matblogg, og fann oppskrifta på Unni’s kokoskake.

Pynten er melisglasur, der eg har brukt litt sitronsaft, fløte og melis. På toppen er det kokosflak og tørka ringblomer, samt eit lite dryss med ‘glitter’. Kaka fekk samtlige her i huset å koma snikandes inn på kjøkkenet i håp om at det var ein smakebit på dei, men dei må nok venta til neste kakebakedag.

Siri

mandag 6. oktober 2014

Ugle


Nok ei ugle er ferdig. Dette var kjekke pusleriee. Eg har funne inspirasjon til desse hjå KIRKEBY. Og eg har laga fleire allereie, men kjem ikkje til å blogga alle. Det hadde nok kanskje vore i meste laget.  Undrast på om det er andre som lar seg riva med og lager litt mykje av ting som er kjekt å laga?

Siri

søndag 5. oktober 2014

torsdag 2. oktober 2014

Bestemors favorittar

P7172265

 

Det enklaste handarbeid å ta med på tur er klutar, tykkjer eg. Enkle klutar utan for mykje telling. Bestemors favoritt er ikkje ‘berre’ rett fram og tilbake, men aukar og minkar på kort tid.P7172266

‘Rett’ og ‘kast’ er det einaste å hugsa på, og trådfestinga tek eg helst når eg er ferdig med fleire. Mønsteret har eg funne på Ravelry…

Siri

onsdag 1. oktober 2014

Bøllekatt

 

P9132290

 

Katten sit på nokre trekassar nede ved hamna, slappar av med ein røyk og held hatten i poten.

Siri