søndag 30. august 2009

Havets Dag

Ein sundag i året arrangerer nabobygda, Sirevåg, noko som
kallast 'Havets Dag'. Då er det sal av god og enkel mat som
fiskesuppe, fiskekake i brød med salat, grilla pølser, vafler,
saft og kaffi.
Dykkerklubben har laga to store tankar som er fylde
med krabbe og fisk, som ungane kan ta og sjå på.
Barnehagen hadde i år ein lavvo kor ungane kunne
få laga sitt eige skrin.


Det er òg fiskekonkurranse for ungar. Dei fekk kvar sin pose
med rå reker til agn. Då startskotet gjekk, hadde dei ein time
på seg til å få den største, lengste eller minste fisken.
Alle fekk medalje!

Eg blei gledelig overraska då favorittbutikken
min hadde ein liten stand i år.
Viola lagar dei vakraste dekorasjonar av natur-
produkt.
Denne kunne eg meir enn gjerne hatt på veggen min!


Eller denne!


For å ikkje gløyma denne!

'Klara Pil' var der også. Ho fletta små fiskar av
pil saman med ungane.
Ho hadde med seg litt forskjellig anna òg som ho lagar,
som denne vin-korga de kan sjå her.
Me gler oss allereie til neste gong :)
Siri


torsdag 27. august 2009

Ei ekte 'Babe'

Då eg ikkje har jenter i huset, har eg opp gjennom åra
laga ein del 'jente-ting' til venninners jenter. Men desse
'Babes'ene' lagar eg til meg sjølv og til venninner.
Eg tykkjer dei er heilt uimotståelege, og eg kosar meg
glugg ihjel mendan eg lagar dei.

Boka med oppskriftene kom eg over på biblioteket, då
på dansk, men eg har no fått mi eiga til odel og eige, dog
på engelsk.

Kvar og ei er heilt unik. Uttrykk og utsjåande
vert til medan eg monterer.


Og det er fyrst då eg er ferdig med ho at eg ser
kva slag garderobe ho skal få.

Eg har planar om å laga ein eigen julegarderobe òg,
både som englar og nisser.

Denne har føreløpig kun fått truse på seg.
Men om ikkje lenge er kjole og klar.
Ynskjer alle ei flott og kreativ helg!
Siri


lørdag 22. august 2009

Verdas beste kjøkkenklutar

Dette trur eg må væra oppskrifta på verdas beste, og absolutt
enklaste, kjøkkenklutar.
Her kan ein godt få brukt opp det ein har av restegarn, men
på desse har eg brukt Mandarin Petit.
Eg strikkar i dobbelt garn på pinne nr 6, kor eg legg opp 26 m
og strikkar rett fram og tilbake til eg har 30 riller.
2 nøster rekk til 3 klutar.
Ettersom eg har fyllt opp mi kjøkkenskuffe, har eg
berre fortsett å strikke, for eg tykkjer det er supre
venninne-/vertinnegåver.
Eg har og strikka handklede på same måte, ved å
bruka fleire masker og riller.
Sist, men ikkje minst, så er det eit handarbeid som
får plass i dei fleste handtasker :)
God laurdag, alle saman!
Siri


torsdag 13. august 2009

Den som ventar på noko godt..

..ventar ikkje forgjeves..
Eg gler meg allereie til desse er modne. Antageleg
klarer eg ikkje venta heilt til dei er modne med å
hausta inn nokre eksemplar, som vil verta deilige i
ei nysteikt eplekake....
Klem, Siri

mandag 10. august 2009

Festlege kaker


Det har etterkvart vorte nokre barneselskap her i huset, og i
og med at det berre er gutar eg har, har det vorte
mange 'gute-kaker'; Spiderman, Dinosaur, Sjørøverskute,
Datamaskin m.fl.
Formar og fargar har eg kjøpt hjå Cacas , og oppskrifta er
Kanelkaka, berre i halv størrelse.
Steiketida er òg annleis; 160-170 grader i ca 40 minutt.
Kremen er kvit smørkrem, som eg fargar med Cacas sine
fargar, og sprøyter dei ut i små toppar.
Ungane set stor pris på slike kaker :)

søndag 9. august 2009

Kanelkake



Her er oppskrifta på den saftige, gode og superenkle kanelkaka:

4 koppar sukker
5 koppar surmelk
1 kopp smelta smør
6 koppar kveitemjøl
4 ts kanel
3 ts natron
2 ss kakao

Rør alle ingrediensar saman, hell røra i bakepapirkledd
langpanne og sett langpanna inn i midterste rille
i KALD ovn, og still så gradene på 200.
Stek kaken i ca 30 minutt.

Krem:
100 g smør
250 g melis
1 ts vaniljesukker
1 ss kakao
3-4 ss kaffi

Ha alt i ei kasserolle, og gje dette eit svakt
oppkok. Hell kremen over kaka og smør utover.
Pynt gjerne med strøssel eller liknande.

God bakst! ;)
Klem, Siri






lørdag 8. august 2009

Det bur ein bakar

Alle elskar vel det søte...?
Det gjer iallefall gutane mine og eg. Og er det tid for
festlege anledningar, så bakar eg meir en gjerne.
Denne langpannekaka heiter 'Kanelkake', og er ein klar favoritt
her i huset. og etterkvart som eg har baka og teke med meg
til andres anledningar, er det ofte denne dei òg
føretrekk.

Etter å ha samla litt bakeerfaring, har eg no byrja
og baka marsipankaker. Det passar så godt til meir
høgtidelege stunder.


Her er mellomste del til ei bryllupskake, og bruden ville
helst ha ei 'After-Eight-kake' med i kaka.
Bunnen er laga av mandler tilsett kakao, og kremen er
fløyte og after-eight.



Dei andre delane er 'vanlege' marsipankaker.
Dette er den nederste delen.





Og her er alle tre delar samla. Eg har ikkje bilete av kaka

då ho er montert, og då har det minste hjarta i
bakgrunnen eit brudepar på seg.

Eg ynskjer neste kakeanledning hjarteleg velkomen :)
Ha ein fin laurdagskveld!





fredag 7. august 2009

Man tager hvad man haver...igjen

For nokre år sidan kjøpte eg ei gamalt bord med hylle under
som eg ville bruke til fjernsynsbord.
Nå er eg ikkje vidare glad i å kunne sjå alle dei svarte boksane
som er nødvendege for å få inn kanalar og filmar, så
eg ville sy eit forheng til bordet...
Eg gjekk igong med å endevenda skap og kott, og nederst
på ei hylle fann eg eit par gamle, slitte putetrekk.
Då var det bare å måla opp rett høgde, klyppa litt og så sy
eit rynkehovud... Blondene og broderia var allereie klare.
Og resultatet er eg godt nøgd med :)

torsdag 6. august 2009

Vira Kotcha

Her gjer familiens nyaste medlem seg kjend i den
nye heimen sin.

Det er minstemann i huset som har funne namn
til pusejenta.

Vira Kotcha ( eg veit ikkje om det er rett stava ) er
namnet på ein røver på Disney Channel, og eg tykkjer
det kling godt på denne vesle rampejenta.
Nå gler me oss over alle rare og spretne påfunn.





søndag 2. august 2009

Ein fin dag

Handa mi lukter ennå av nyperoser.
Og ute er det grønt som herskar.
Det er regnet som har framheva fargane og luktene
i dag.
I alt det grøne fann eg mange andre fargar.
Og lukter.
Tjære frå jernbanesvillar,
røyk frå eit bål,
og ikkje minst lukta av regnvåte nyperoser.
Det er ein fin dag - det regner.