søndag 29. mars 2015

Godt nytt

Med eit bilete av Tussi's kloke ord vil eg gjerne dela med deg noko bra frå vårt liv.

Min kjære har vore på sjekk og teke blodprøvar for å halde eit auge med Prostatakreften.

 Prøveresultata var gode, og me kan pusta roleg fram til neste sjekk om nokre månadar.

Siri

lørdag 28. mars 2015

Vår start på Påsken

Eit lite utvalg av heimelaga påskepynt. Haren hekla eg på eit par morgontimar i dag, kyllingane er prinsessa sitt verk - sååå sjarmerande! Pittelitt påskesjokolade i godteglaset i bakgrunnen, men dei ligg nok ikkje der lenge.... Min kjære har allereie sett dei, og det er tross alt laurdag ;) 
Frokosttallerken à la påsketider; grov brødskive, salat, paprika, smilande egg og eit peperdryss. Dette er mat å starta dagen bra på!
 
Eg har ikkje mange planane for påsken. Min kjære skal jobba ein del, og prinsessa er hjå mor si til onsdag. I kveld satsar eg på film saman med minsteguten min. Ellers blir det nok grilling og koking av påskeegg på første godvèrsdag i sjølve påska, og er det berre dårleg vèr, så har eg puslerier me kan finna på inne.
Kva skal du finna på i påsken?
 
Siri

torsdag 26. mars 2015

Nokre gonger...



Dette fann eg på det vide nett, og fekk så lyst å dela. Det er mest så eg trur me alle har stunder som dette...

Siri




onsdag 25. mars 2015

Klut og renseblad

Eg har hatt eit halvt nøste Elise liggjande, og fann fram boka 'Kluter', av Bitta Mikkelsborg. Valget falt på dette hjartemønsteret, og eg er veldig nøgd med fargespelet i kluten.
Fortsatt hadde eg garn att, og eg strikka 6 renseblad. Desse er jo geniale til ansiktspleie! Men eg tenker dei er flotte som glasbrikker òg :)
Her ser du den spede start av kluten. Eg trudde ikkje eg ville lika å strikka av dette garnet, då det er eit blandingsgarn, men då tok eg skammeleg feil. Eg har allereie nok ein Elisegarn-klut på pinnane ;) Trur dette er fin-fin påskepussel for meg i år.
 
Siri

mandag 23. mars 2015

Nytt til portstolpene

Etter to år i vær og vind,  var det virkelig på tide å fjerne gamalt hekkel på steinane på portstolpene.  Etter ønske frå min kjære hekla eg nye, i friske farger. Ull bleiknar seinare enn bomull, så valget var enkelt. Desse visar godt igjen, og min kjære er glad.

Siri

søndag 8. mars 2015

Friminutt

Den siste tida har det blitt utgitt fleire fargeleggingsbøker mynta på vaksne, og eg har latt meg frista...
'Den hemmelige hagen' er min til odel og eige. Eg kikka på denne ei gong eg var i Oslo i fjor, men reiste heim utan. Og AT eg aldri lærer; når eg ser noko som fristar, og eg tenkjer 'skal, skal ikkje?' - om eg ikkje kjøper då, så kjem det til å plage meg i tider og utider ei heil stund....
Difor var gleda stor då eg såg att boka i ein lokal bokhandel! ;)
Eigne fargar har eg òg kjøpt, så eg veit kor dei er då eg treng dei.
SÅ mykje fint å pusle med, fargeleggja litt og litt, og oppdaga alle dei små detaljane som ikkje er synlege ved første augekast...
Friminutt frå kvardagsmas, vil eg kalla dei små stunder eg set meg ned med fargane. Mindfullness - fred - ro - tenkjepause ~ terapi...


Her er prinsessa sitt friminutt; Top Model-sett med klipp og lim, sjablongar og fargestifter. Dette skulle sendast til veninde med tyske foeldre, så ho fekk opplæring i tysk flagg også :)








(bileta er kanskje ikkje av dei klaraste, beklager det)

Siri

fredag 6. mars 2015

Nok ein pung ;)

P2142343

Dette var eit kjekt, lite prosjekt. Eg fann ein liten glidelås som eg hadde lyst å gjera noko med. Eg hadde sett at man ved å sy kjedesting langs kantane og byrja hekla i dei, slapp å montera glidelåsen etterpå. Eg likar det enkle ;) Stavar rundt og rundt med to forskjellige trådar, restegarnet minkar litt då….

P2142344

Fòra med litt retro stoff, og eit lite filthjarte….. Trur eg kan vera nøgd med denne, jah

Siri

mandag 2. mars 2015

Barnevottar

P2142341P2142342

Eg minska dameoppskrifta og trur eg har kome fram til barnevottar i str 8-10 år. Vintaren er nok meir eller mindre over for denne gong, så desse får liggja klar til neste sesong. Mjukt tova Fritidsgarn nok ei gong.

Eg var litt usikker på fargekombinasjonen, men kom fram til at den duger. Det stod mellom lilla/blått og lilla/svart. Dette var min kjæres forslag.

Siri

søndag 1. mars 2015

Damevottar

P2112337P2112338

P2122339P2132340

Desse vottane har vore ferdige ei heil stund, og eg tok til og med ‘undervegs-bilete’ av dei. Fritidsgarn på pinner nr 5 gjekk som ein leik. Var nøgd med tovinga også, som var gjort på 40 grader. Dei er fortsatt mjuke og gode. Er det ekstra kaldt, er det godt med lange vottar, men her på jæren kjem dei nok mest til å vera nedbretta….

Det minkar på Fritidsgarnet, som endeleg har fått si oppgåve å varma kalde hender.

Siri