mandag 28. mai 2012

Kjøkkenhagen tek form

Her skal mange tunge skiferheller på plass. Me var så heldige å finna ein annonse på FINN, kor skiferheller skulle gjes vekk.
Kassen med spirer er snekra av 'gamal' material donert av ein ven. Vindauget er funnet oppe på høgaloftet. Nokre strøk måling, og me byrjar verta nøgde.
Hekken er planta av opprindeleg eigar; Reidar. Og eg tippar det vart gjort i den tida då 'me tek kva me har'... Eg tykkjer det har sin sjarme med fleire typar buskar planta i eit slags mønster. I fjor oppdaga eg plutseleg ripsbærbusk innimellom også.

Siri

søndag 27. mai 2012

Late dagar

Etter ein heller kald og blaut 17. mai har sommaren endeleg kome. Det er ikkje så mykje handarbeid for tida, istaden blir det å nyta sola ute på tur og i hagen. Biletet her er frå elvemunninga til Håelva, med utsikt til vindmøllene på høgjæren.

 Min kjære har gjort ein kjempejobb i hagen. Frå å vera ganske kjedeleg og ustellt, har han forvandla kvart eit hjørne. Eg har blitt så glad i å tusle ute og stelle, noko eg ikkje hadde trudd eg nokon gong kom til å bli..
Eit gamalt bord frå farmor har fått selskap av funn på gjenbruk og kjeller.
Skiferheller har eg fått av min eldste bror for lenge sidan, og dei står godt saman med rekved funne ved Kvassheim hamn.
No er det ut i hagen att, og nyta resten av dagen til fulle!!

Siri

fredag 18. mai 2012

Craft it forward

For ei lita tid sidan meldte eg meg på leiken 'craft it forward' hjå Oline art.
Det gjekk ikkje lenge innan eg fekk ein koseleg liten pakke i posten.
Innhaldet var ein søt engel og ein brosje. Kortet var òg heimelaga.
Engelen helsar velkomen på ein knagg på gangen, og brosjen er festa på ein sommarstråhatt kjøpt på loppemarked for lenge sidan.
No er det min tur å bringa leiken vidare, og her er reglane ;

De fem første der ligger en kommentar på indlægget her, modtager en hjemmelavet gave af mig.
Det er vigtig at du har en blog for at deltage. Når du har modtaget gaven fra mig, skal du fortsætte legen på din blog, og sende fem hjemmelavede lækkerier videre til de nye deltagere.

Gaven kan være hvad som helst, så længe den er hjemmelavet. Du skal sende legen videre på din blog inden 2012 er slut.-)
 
Siri

mandag 14. mai 2012

Flasketrekk

Då eg var på strikkekafè hjå Krims & Krans, kjøpte eg mønster og garn til flasketrekk.
Flasketrekket er strikka i Mitu, eit hærleg garn å strikka i. Oppskrifta finn du i Pt-design hefte nr. 110. I dette heftet er det mykje flott interiørstrikk, og det kjem garantert til å bli brukt fleire gonger...

Siri

søndag 13. mai 2012

Kan du tenkja deg....?

 Eg har 2 slike esker med invitasjons-kit liggjande.
Det er nok til å laga 10 kort i kvar eske. Opprinneleg invitasjonskort til bryllup, men dei kan klart brukast til andre kort òg...
Dei vil ikkje bli laga i denne heimen, så eg lurer på om du kan tenkja deg ein aldri så liten change-away med meg...? Desse 2 eskene mot noko anna, gjerne noko du har laga...
Skriv i kommentarfeltet, eller send meg ein mail på    lykkelise(a)hotmail.com


Siri

lørdag 12. mai 2012

Kosedag saman med prinsessa

 Prinsessa er hjå oss ca 2 veker kvar månad. Då har me gjort det til ein vane å ha ein kosedag på kafè, kinarestaurant eller kaffibar. Ho storkosar seg kvar gong...
 Denne fredagen hadde prinsessa og eg ein tur på kaffibar.
Eg vart freista av 'After eight latte'... Ein nydeleg kopp kaffi med mintsmak...
 Prinsessa valgte varm sjokolade med krem. Og me hadde ein nydeleg, liten panna cotta ved siden av... Mykje kos rundt eit lite bord!
Etterpå måtte me berre ein liten tur innom bokhandelen. Eg fekk ei oppdatert liste over kva for nokre Ludde-bøker som er i handelen. Ludde er favoritten til prinsessa og meg..


Og denne boka er jo ein fryd for auge, og varmer rundt hjarta når ein les...

'Jeg åpnet vinduet - og hjertet med.
Sollyset flommet inn i værelset,
og kjærligheten druknet min sjel.'

Boka ligg framme, så eg kan berre opna opp og fyllast med kjærlege tankar...

Siri

lørdag 5. mai 2012

Nok ein klut

Eg har ennå nokre nøster Føn liggjande, så innimellom vert det strikka nokre klutar til...

Siri

torsdag 3. mai 2012

Strikkekafè

 Ein kveld i månaden er det koseleg strikkekafè hjå Krims & Krans. 
Dette er min favorittbutikk!
Kaffikoppane står klar på bordet når me kjem, og det er berre å finna seg ein god plass i nostalgiske omgjevingar.


Hylle på hylle med garn - me treng ikkje vera redde for å gå lens iløpet av kvelden.

Knappar i alle variantar. Tenk å kunne hatt ein slik samling....

Meir garn i hyller og korger. Og fleire modellar heng så fint til utstilling og inspirasjon for einkvar som kjem innom.

I dette hjørnet fann eg kveldens handarbeid ; Mitu vart med meg heim, saman med eit hefte opsskrifter med blandt anna flasketrekk i.

Allereie no gler eg meg til neste strikkekveld, som er 31. mai.

Siri