søndag 29. mai 2011

Tante Astrid's Havrekjeks


Då mor hadde bursdag var eg slettes ikkje sikker på kva eg skulle gje henne; ho har det meste ho treng...

Men etter å ha tenkt meg om nokre gonger, kom eg på at ho likar desse kjeksane godt.
Så eg heiv meg rundt og laga deig;

1/2 kg havregryn
1/2 kg kveitemjøl eller
250 g havremjøl og 250 g kveitemjøl
1/4 kg margarin
1/4 kg sukker
3 ss hjortetakksalt
1/4 l mjølk

Sidan dette er ei oppskrift frå ei gamal tante av mor mi, har eg ikkje forklaring, grader eller tid dei skal steikast. Så eg gjorde berre slik eg trudde det skulle gjerast... Rør saman alt, smelt margarin, kjevla tynt ut og stikk ut kjeks... Eg brukte eit mjølkeglas... Steikte dei på ca 180 grader til dei såg passe steikt ut..


Innpakkinga vart noko resirkulert;

Ein tom pringlesboks var 'tapetsert' med dekorpapir.

Gåva vart vel motteken.


Siri


torsdag 26. mai 2011

Kryss i kalenderen



Forkjølelsen vil ikkje heilt gje slepp, så i dag skal eg avgårde til legen og få litt medisin.

Men sjølv om blogginga ikkje har vore den heilt store i det siste, så er bryllupsplanane godt i gang.


10. september gjer min kjære og eg kvarandre våres ~JA~


Her - på Kvassheim fyr - skal me feire saman med mennesker me set stor pris på. Og vèret kan berre gå berserk på dagen, for utsikta vil berre verta betre dess verre vèret blir....


Siri





tirsdag 17. mai 2011

Verdas lykkeligste!


Dette er vel ikkje heilt dagen å vera sjuk på, men no vart det no eingong sånn for meg. Så det vil bli ein roleg dag heime...
Men det gjer meg òg god tid til å setja meg ned med ein kopp kaffi, og tenkja tilbake på helgas utrulegheiter.

Fredagen byrja tidleg; opp klokka 5 for å gjera seg klar for jobb.
Vel heime att, etter ein liten kvil på sofaen, kom min kjæraste kjære inn døra med ein nydeleg bukett med raude roser... Fantastisk!

Planen for helga var konfirmasjon til tantejenta mi på laurdagen, noko me gleda oss til.
Men om morgonen hadde eg verkeleg mykje på hjarta, som eg gjorde mitt ytterste for å fortelja min kjære. Det var viktig for meg å gje uttrykk for kor mykje han betyr for meg... Vel, det heile endte med desse orda frå meg; 'Du? Vil du gifta deg med meg?'..... stillhet.....
Eg overraska meg sjølv like mykje som eg overraska min kjære... 'Ja!', svara han tilslutt. 'JA!'
Me ville ikkje seie noko til nokon den dagen, for det var jo konfirmanten sin dag. Så min kjære ba meg med på tur, og overnatting, på Byrkjedalstunet, for at me skulle kunne snakka og planleggja.


Me er enige om eit enkelt bryllup, feira saman med mennesker som betyr noko spesielt for oss.

Eg ønskjer å gjera dagen god for alle barna våres òg; me har 6 gutar og ei prinsesse til saman..


Min kjære har lyst prinsessa skal ha ein kjole som denne, mønster i Familien nr 10, i rosa Mitu-garn...


Eg er enig, for ei supersøt prinsesse må vel ha ein supersøt rosa kjole?! :)


Krims&Krans er ein god stad å handla, både garn og anna flott. No har eg sikra meg garn til kjolen, gode strikkepinnar, og på handleposen hang ein lapp med orda; 'Saman er ein god stad å vere!' Noko som er ein absolutt sannhet..


Eg gler meg til vidare planlegging, trur nok eg legg feiring av 40-årsdag på hylla, og konsentrerer meg om den viktigaste feiringa no; min kjære vil leva livet saman med meg!


Gratulera med dagen, alle saman!


Siri




mandag 9. mai 2011

Til Elise


BabyBorn har fått namn ~ Elise ~ ...
Eg har kosa meg med hekling til dokka; gul sommarkjole og gule sko. Hekla etter mønster i heftet 0702 dukke frå SandnesGarn, i Mandarin petit og heklenål 2,5..
Av same garn har eg no lagt opp til truse på pinnar nr 3.
Dette er handarbeid eg kan like.. :)

Siri

onsdag 4. mai 2011

Ei fin tid


Når eg ser rebusar og gåter, klarer eg ikkje la vere å bry hovudet med dei. Før påsken hadde
Mayen ein konkurranse med 4 oppgåver, og eg vart den lukkelege vinnar!
Pakke i posten er alltid moro, og her var påskeegg, duftpose og 'Love Hearts'. Minstemann vart kjempeglad for hjartene, eg samlar påskeegg og er glad i små duftposar. Altså, ein pakke midt i blinken - tusen hjarteleg takk!!


Nokre gonger er det verdt å gjera ein dykk ned i garnlageret, og etter å ha strikka nøstebarnsjal av restegarn, vart eg freista å strikka eit i 'full størrelse'. Eit nøste med Sandnes mini palett, pinnar nr 5, og 'vips' så har me eit sjal iløpet av ei helg...





Sokkar størrelse 41, i Sildre frå Gjestal garn. Pinnar nr 3,5...

Eit ynskje frå ein bonusgut om varme på føtene, det kan eg ikkje motstå...







Nok eit par, i størrelse 38/39, av Robust frå Sandnes garn, pinnar nr 3,5... Rett ned i gåvekassen...










Og som eg sa tidlegere; eg har endeleg ei unnskylding for å kjøpe noko eg har hatt lyst på lenge...

BabyBorn-dokke, til bonusprinsessa og meg sjølv. Prinsessa elskar å gje dokka mat, og skifta bleie. Eg har endeleg ei BabyBorn-dokke eg kan strikke og hekle klede til!


Prinsessa har funne gult garn, og kjoleønskje, og eg heklar gult sommarsett til dokka. No kosar eg meg, må eg innrømme! :o)


Måtte mai verta fin for alle!


Siri