torsdag 24. september 2009

Strikkekafè på Krims og Krans

Kvar siste onsdag og torsdag i månaden er det strikkekafè
Krims og Krans. Dette er noko eg ser fram til. Og
freistingane står formeleg i kø!
Det er koseleg å kunne setja seg ned i eit slikt hjørne
saman med andre strikkeentusiastar. Eit lunt miljø.

Og det manglar ikkje på inspirajon, både når det gjeld
form og farge.


På denne veggen heng modellar eg meir enn gjerne
skulle ha laga, nusselege, mjuke og varme.

Det kan godt hende eg vel meg ut denne til neste
prosjekt.....
Eg klarte å få ferdig litt òg, innimellom kaffi
og småprat. Ein kjøkkenklut i limefarge, og ein på-
begynd kjøkkenklut i grått...

mandag 21. september 2009

Lappekos


Sundag ettermiddag fekk eg verkeleg lyst på noko godt til kaffien. Ungane klaga òg over brødskalken som var att, at den ikkje var noko god å eta. Då var det berre å sjekka kva kjøleskåp og kjøkkenskåp inneheldt, og setja igong. Det vart lappar denne gongen... Nyyydeleg med heimelaga plommesylt til!
Lappar
3 egg
1 kopp sukker
2 koppar surmjølk
3 koppar kveitemjøl
1 ts natron

lørdag 19. september 2009

Den som leitar..

Denne veka hadde eg nok ein tur til den lokale Gjenbruks-
butikken på Varhaug. Eg hadde berre litt tid til overs før
eg skulle på eit anna ærend, og tenkte eg ville berre kikke
innom.
Jau, visst hadde dei fått inn 'nye' varer sida sist
eg var der. I ein kasse på golvet låg det fleire
handarbeidspakkar. Eg klarte ikkje å dy meg, så eg
plukka med meg nokre av dei. Utan at eg såg heilt
kva dei inneheldt.
*Den eine posen innehaldt desse rokokkobileta, med litt
garn, og eg betalte 25 kroner for posen.

Desse to juledukane var utan garn.
*Den blå er ein salongbordduk og kosta heile 60 kroner.
*Den andre er ein løpar og kosta 25 kroner.



Men det er dette eg er mest nøgd med!
Eg såg at posen innehaldt eit strameiebilete, men ikkje
kva for motiv, eller kor mykje som var brodert.
Det var ein hyggeleg overraskelse, for det var ikkje
mykje. De klarer sjå det på toppen av biletet.
Og - eg betalte kun 50(!) kroner for det.
Siri

tirsdag 15. september 2009

Bryllupskaken



No har eg endeleg fått biletet av den monterte bryllupkaken. Eg må seie at eg er utruleg nøgd med resultatet sjølv :)
Siri







søndag 13. september 2009

Vend en stein - start en vinge

Vi ser på det og ser det ikke;
Dets navn er det usynlige.
Vi lytter til det og hører det ikke;
Dets navn er det uhørlige.
Vi berører det og finner det ikke;
Dets navn er det subtile.
-Lao-Tzu.

søndag 6. september 2009

Knudaheimarsjen



I dag gjekk syster mi og eg Knudaheimarsjen. Det var fleire alternativ, og me valde ruta på 11 km. Etter å ha gått oppover i omtrent en km, gjekk me forbi Arne Garborgs heim, Knudaheio.
Det var ikkje store huset, det raude jærhuset, men det hadde ei fantastisk utsikt utover Jæren og sjøen.






Omtrent halve turen gjekk me på asfalt, på fredelege veger utan noko særs med trafikk. Nokre dråper regn fekk me, men det var berre forfriskande.
Halvvegs på turen var det lagt opp til ein rast oppe i ei lita løe. Det smakte fortreffeleg med ein halv kvikk-lunsj og vatn då.
Så bar det videre, ut i naturen, med lett myrlendt terreng.
Me var begge enige om at denne marsjen vil me gjenta.
Og følelsen etter å ha trava denne turen var definitivt det beste av alt! Siri

lørdag 5. september 2009

Kva gjer eg no?



For nokre dagar sidan bles det godt her. Og i dag, etter ein liten hagevandring såg eg at ei tungtbærande grein på epletreet mitt hadde fått seg ein stygg knekk.. Eg såg ikkje anna råd enn å plukke ned alle eplene som var på greina, for så å sage ned greina etterpå.

Så til mitt vesle 'dilemma'... Kva skal eg gjere med alle eplene, for det var ikkje reint få....? Dei aller fleste er små, og dei som er litt større er nok litt i det suraste laget til å eta ennå.

Då tenkte eg - for det hender eg gjer det - at eg skiljer dei minste frå dei største, og gjer dei minste til ei thailandsk dame eg jobbar med. For ho elskar små, sure epler. Ho seier at ho lagar ein 'tip' og 'tippar' eplene i (ho meiner eigentleg 'dip' og dippar'). Den er laga av sukker, salt og chili.

Resten av eplene er eg sikker på at eg kan bruke i ei eplekake, som eg vil baka på mandag. Eg brukar berre litt godt med sukker, tenkjer eg. Eg skal nemleg ha Tupperware-selskap, og då kan det passa godt med eplekake og is som dessert, for ho thai-dama eg jobbar med ville laga thaimat og servera oss. Det gler eg meg skikkeleg til...

Eplekake:

200 g smør og 200 g sukker røres kvitt

rør i 4 egg, 1 om gongen

200 g kveitemjøl, 1 stor ts bakepulver, 6 ss mjølk

2-3 epler skrelles og delast

*Legg deigen i forma, ha på sukker og kanel, og trykk ned epleskivene på rad og rekkje, og dryss over med sukker og kanel igjen. Steikast ved 175 gr i ca 45 minutt.

Denne oppskrifta er til rund form, men eg lagar ho som oftast i langpanne. Då doblar eg deigen og er raus med eplene. Og til slutt steiker eg ho i 20-30 minutt. Det går fortare i langpanne.

torsdag 3. september 2009

På ville veger..

Eg er glad i å køyre tur på laurdagar og sundagar, og då likar eg å
bruka veger eg vanlegvis ikkje køyrer.
For nokre veker sidan fekk eg lyst og anledning til å køyra
vegen frå Flekkefjord til Sokndal, ein smal og svingete veg
eg ikkje hadde vore på på sikkart 13 år.
Midt uti 'ingenting' dukka det opp ei bittelita bygd, og
eg berre måtte stoppe og ta bilete.
Dette må vera den minste kyrkjegarden eg har sett..
No er det berre kor neste tur skal gå :)

tirsdag 1. september 2009

Muffins




Eg ynskjer å dele ei oppskrift med dykk, som Wenche på TV2
ein gong delte med sjåarane..
Den er utruleg enkel å få til, og alle variantane er
saftige og gode.
10 store eller ca 16 små muffins
125 g smelta smør
2 dl kefir el. kulturmjølk
1 stort egg
-dette blandast
4 dl kveitemjøl
1,5 dl sukker
2 ts bakepulver
-dette blandast for så å ha oppi væsken
Smaksvariasjonar:
1. Eit eple i små bitar
og ei halv ts kanel
2. 2 dl blåbær
og skal av ein halv sitron
3. 100 g hakka sjokolade
og 2 ss kakao
Steikes i varm ovn ved 180 gr
Nyt!
Og ha ein fin dag!
Siri

Takknemlighet

Takknemlighet
er hjertets
hukommelse.