tirsdag 29. januar 2013

Hels på kameraten min

 

007

 

Så mange kreative bloggare som det finnes i Blogglandia, så kjem eg stadig over nye inspirerande bloggar.

Blekkspruten på biletet fann eg oppskrifta på her – hjå en elefant’.

Eg har allereie hekla ein til, og garantert vil det snart verta ein heil liten gjeng blekkspruter.

Sjølv fann eg ut at heklenål #3 passa best for meg, og det går med i underkant av eit nøste til ein blekksprut.

Siri

lørdag 26. januar 2013

Stillhet

 

009

Stillhetens ro blir ennå meir stille av naturlege lydar. I skogen ein stille dag blir stillheten ennå større når det susar i trærne.

Mark Rutherford

tirsdag 22. januar 2013

Det var ei gong nokre slips…..

 

013       012

Eg har fått meg ei aldri så lita samling med herreslips, med tanke på resirkulering. Ikkje alle slipsa er like enkle å finna prosjekt til, men det finnes òg utruleg mange flotte slips.

Over ser du slips gjort om til armbånd, med ein gjenbruksknapp til pynt. Silkearmbånd…

017

Slipssmykke – med ein ‘diamantknapp’ til pryd. Dette smykket vil henga litt ned på brystet, og fint til utringa topp/kjole.

Eg undrast, er det mange som kunne tenkt seg å bruka diverse slipsmykker….?

Siri

lørdag 19. januar 2013

Klar for vår og barnsleg glede

 

006

‘Utleste’ teikneseriar – her Donald Duck , telyskoppar og perler saman, kan verta festleg pynt til barnerommet, eller til fastelavn og påske om du er litt barnsleg glad. Prinsessa ser iallefall henført på blomane, der dei svevar høgt over hovudet hennes.

007 009

Her heng dei midt i stovetaket mitt, men etter å 27. januar, skal dei få sveva i vindauget. Dei skal få æra av å vera med til Ogna Scene, som eg har skrevet om tidlegare.

Siri

fredag 18. januar 2013

Tur/retur Tyskland

012

Desse 3 eggevarmarane er på langtur. Hadde eg visst for nokre dagar sidan det eg veit no, så hadde dei ikkje trengt å reise mange kilometrane.

Eit venepar av oss, med dotter, flytta i fjor til Tyskland. Trist for oss på mange måtar, men forståeleg då dei er frå Tyskland. Me har halde kontakt pr post og mail, og me hadde planar om å reisa ned til dei no og då. Ikkje gjort i ei handvending, sidan alt skal klaffe med feriar, arbeidstid og slikt. No ‘slepp’ me tenkja på det ; dei flyttar tilbake til Jæren! Hipp-hipp-hurra!!

Vel, eggevarmarane er på veg til Tyskland, og får heller nyta opplevinga. Damehatten til venstre rekna eg med er til mor. Sauen med blome trur eg dottera vil lika, og hua til høgre, den trur eg far vert glad for. Eg lova nemleg å strikka ei hue til han, ikkje sikkert han hugsar det ennå, men no får han iallefall hua, sjølv om det kanhende er i mykje mindre format enn det han såg føre seg ;)

Restegarnet minkar det på, sjølv om det er dryge trådar. Men eg har litt mindre å velja mellom no, så no er det på tide å byrja på litt større prosjekt.

Siri

tirsdag 15. januar 2013

And the winner is…..

 

007

Random.org har trukket ein vinnar.

Den som kan venta seg ein liten pakke i posten er;

Anette, som har bloggen Mellom himmel og jordbær’

Gratulera så mykje!!

Siri

mandag 14. januar 2013

Kva ungdommen likar

011

Eg har laga nokre av desse lommebøkene etterkvart. Ungdommen likar dei, men dei har jo sine favorittar…

Litago, Biola og drikkeyoghurt er å foretrekkje, men dei treng jo juice og mjølk òg..

Kjekke puslerier.

 

I morgon kveld trekkjer eg vinnaren av iPhone-etuiet, så du har ennå mulighet å melda deg på om du ynskjer. Link til give away’en finn du til høgre.

Siri

lørdag 12. januar 2013

Resirkulert

025

Det er moro å kunne resirkulere gamle klede. Og spesielt klede som er nært ved å vera favoritt.

Dette var ei t-skjorte – no omgjort til ein hals/skjerf.  Eg ser føre meg at denne kjem til å bli brukt ganske mykje når det vårast.  Og at det blir fleire variantar ; garantert! Du skimtar kanskje ein oransje variant baki der….? ;)

Siri

torsdag 10. januar 2013

Restegarn og knappar

010

Desse nåleputene likar eg veldig godt ; både å hekla og å sjå til. Og sjølvsagt er dei meget praktiske for alle som måtte trenge ein stad å samla nåler og knappenåler. Men ein kan jo ikkje ha allverda av slike nåleputer sjølv, så desse kjem til å liggja på vent til ein passande gje-vekk anledning ; vertinnegåve, bursdagsgåve eller berre ei ‘eg-set-pris-på-deg-gåve’. Det er ikkje mange restane med garn som går med, og knappar ~ eg likar å kunne velja rette knappan til rette blomen.  Oppskrifta fann eg gjennom Hekleoppskrift.

Siri

onsdag 9. januar 2013

Papirklypp

022 027

Etter å ha pynta trollhasselen min med juletrepynt, sakna eg noko pynt på den då eg rydda jula vekk. Kvitt papir har eg nok av, og gamle utleste bøker har eg òg tatt vare på… Ballerinaer er eit ‘dagleg’ tema i heimen, så det var ikkje vanskeleg å vite kva eg skulle klyppe.. Ballerinaer med strutteskjørt.

No heng dei på trollhasselen, så fint, og dansar forsiktig rundt saman med nokre krystallar.

029  Ballerinaene har selskap av slike sirkler også, laga av bokpapir og pynta med knappar.

 

Siri

tirsdag 8. januar 2013

Då prøver eg på ny..


009
2 klutar strikka i Petunia. Superenkle å strikka, og mykje finare enn dei eg vanlegvis har strikka.
Eg vil òg nemna give away’en min ; det er ikkje lenge til trekning. Du finn innlegget ved linken i høgre spalte.

Siri

søndag 6. januar 2013

Treng litt hjelp

Plutseleg får eg ikkje til å lasta opp bilete på bloggen min, noko som gjer at eg ikkje lagar nye innlegg. Veit DU kva som er gale?

Siri

torsdag 3. januar 2013

ut i den 'store verda'

 
27.januar tek eg med meg ein del av resirkuleringa og gjenbruken min til Ogna Scene. Eg er blitt spurt om eg vil stilla ut, og det gjer eg gjerne.
Gå inn på nettsida deira og sjå alt ein kan oppleva ved Ogna Scene, og Helgåleiren.
Her kan nokon og einkvar få gang på kreativiteten, og nyta underhaldning, god mat og hyggelege mennesker.
Kunst, Musikk, Mat og Positive innputt er dei orda eg tenkjer fyrst, når eg tenkjer på Ogna Scene og Helgåleiren..

Siri