tirsdag 29. mars 2011

Til samlinga mi

Då eg tidleg i år kjøpte Familien vart eg gledeleg overraska då eg såg oppskrifta på desse hekla gryteklutane. Slike som farmor hadde hengjande til pynt på kjøkenet sitt, og perfekte til mi veksande samling med hekla gryteklutar... Det kjem nok til å verta fleire par av desse, og dei er jo supre vertinnegåver! Siri

tirsdag 22. mars 2011

Småstrikk

Eit par sokkar strikka av Mini alpakka frå Sandnes garn. Strikka på pinne nr 3 og på lukke og fromme. Passar ei mini-prinsesse opp til omtrent eit år.
Enkel vest, frå Pickles.
Strikka av dobbel Mini alpakka frå Sandnes garn på pinne nr 5. Superenkel og kjempesøt! Pynta med to knappar frå Gjenbruken.. Det gjekk med eit nøste av kvar farge. Størrelse 1 år.

Siri


søndag 20. mars 2011

Har overskot av stoff

Eg er for tida i eit ryddemodus, og denne gongen har eg kome fram til kassar, korger og kister med stoff... Sidan eg ikkje med det aller fyrste kjem til å ha tid til å bruka alt, har eg samla saman eit utval av både nye og retro stoff i to posar. Her er både store og små bitar samla, og kanhende det er av interresse og du har lyst å gjer eit bytte med meg?
Pose nummer 1.

Pose nummer 2.
Siri



lørdag 19. mars 2011

Pakke frå hemmeleg ven

I dag vakna eg grytidleg, og det er heilt stille i huset no. Det har såvidt byrja lysna, og saman eg kan høyra fuglekvitter ikkje langt frå huset som vitjar om at det er vår! På tross av at me vakna til snøvèr i går, så er eg ganske sikkar på at det berre var siste krampetrekningar av vintaren... Vipa, Tjelden og Lerka er komen, fuglane syng og me kan kjenna gje varme frå seg når ho skin om dagane...
I går fekk eg pakke i posten frå min hemmelege ven på Hobbyboden i mars. Ein verkeleg flott pakke! 4 nøster Duett frå Sandnes garn, varm sjokolade, lakris-te og ein nydeleg stoffbit. Garnet må eg tenkja litt på kva eg skal lage, og er det nokon som har forslag så er eg glad for det. Eg har ikkje strikka i Duett før, men det kjendes ut som eit godt garn å strikka med.
Stoffbiten visste eg umiddelbart kva eg ville bruke til; eg har planar om å sy ei veske til prinsessa, og dette var perfekt til prosjektet..
Tusen takk, hemmelege ven...Eg må nok sjekka opp hintet eg fekk med i pakken ;)
Ynskjer deg ein herleg vår!
Siri

tirsdag 15. mars 2011

Til liten og stor

No trur eg jammen eg har klart det; å strikka sokkar i litt større størrelse...
Desse er strikka av noko av garnet eg fekk av min hemmelege ven i Hobbyboden i februar. Garnet er Viking garn, størrelsen er 38, og eg brukte pinnar nr 3,5.
Desse sokkane er for føter som nyleg har lært å gå, ca 20-21. Eg har brukt av restegarnet mitt, det turkise er Sisu, og det mørke er tynt strømpegarn frå Sandnes garn, og på pinnar nr 4 gjekk det fort unna...
Siri



søndag 13. mars 2011

Magebelter

Nok ei gong går det hardt ut over restegarnslageret mitt - ikkje at det er feil altså..
Eg byrja så fint med ein plan om å lage eit penalihus til minsteguten, men enda opp med magebelter til nokre glaskrukker. Her eit Noregsglas...

Og eit som passar til eit tomt tomatpurèglas...
Det vil nok verta nokre til av desse i diverse fargar, så har eg til alle anledningar..
Siri



onsdag 9. mars 2011

Mange trådar små...

Når ein held på med handarbeid er det vel ikkje til å leggja under ein stol at det med tida vil verta ein fin liten haug med restegarn....
Eg klarer ikkje heilt å berre kasta det, så då er det berre fantasien som kan setja grenser for kva restegarnet skal brukast til.
Boka 'Brukt på nytt' er uunværleg her, tykkjer eg. Sjølv om eg ikkje akkurat i nuet treng lappar og pynt, så kan det vera greit å ha det liggjande klar då dagen kjem at eg skal lappa klede, eller pynta noko eg har laga.

Litt til gutar og litt til jenter....


Til sist vil eg nemna at eg har tenkt å halda ei aldri så lita loddtrekning blandt mine trufaste fyljare no og då. Det er utruleg koseleg å få så fine kommentarer og tilbakemeldingar på innlegga mine.
Siri




torsdag 3. mars 2011

Noko attåt


Blogglandia er stort, og det er mykje inspirasjon å hente. Eg har funne meg eit lite knippe matblogger eg både titt og ofte er innom.
Trines Matblogg kunne i juletider freista med Appelsinbiscotti. Ikkje at eg baka desse til jul då...
Vel, eg fulgte oppskrifta frå bloggen, men sløyfa den kvite sjokoladen då eg ikkje hadde det i hus..
Og som Trine skriv - oppbevar i tett boks, så lengje det varer... Nydeleg til både kaffi og te!
Siri

tirsdag 1. mars 2011

For kjølige dagar

Min kjære fekk tidlegare i vinter ei Space Invader hue av meg, men fekk ikkje ha ho i fred. Den falt godt i smak hjå ungdommen i huset..
Så for å varma kjære's øyrer på kalde dagar, var det berre å finna pinnar og garn. Oppskrifta fann eg i eit Familien for nokre veker sidan, garnet er Alfa og pinnar nr 7..
Ei enkel hue treng litt pynt, så eg kjøpte 'Snella & Petronella-knappar' på Krims&Krans. Min kjære vart glad, og det gleder meg å vera til hjelp...

Siri