onsdag 29. juli 2009

Varme føter

Med tanke på mange små timar som skal tilbringas i mi nyoppussa campingvogn, har eg no byrja å strikka enkle, men varmande tøfler. Ei heil lita korg skal fyllast opp, så kan mine gjester òg halda varmen i føtene.


Det er ikkje mykje garn som går med til kvart par heller, berre eit nyste. Og her kan ein jo bruke av restegarn òg, så det blir festlege stripete tøfler.


Eg kjem garantert til å bruka opp ein god del av mi restekorg utover hausten, for det er eit handarbeid som er lite og lett å ta med seg i tillegg.




søndag 26. juli 2009

Man tager hvad man haver...
















No sit eg og kosar meg med ein enkel pita-pizza og kjenner kor nøgd eg er. Eg har i fleire dagar malt og pussa opp i ei gamal 70-tals campingvogn eg har vore så heldig å få. Eg har hatt eit heilt år på meg, men sidan eg er av slaget som arbeidar best under press, satte eg igong for nokre dagar sidan, for i morgon får eg ein gjest langvegsfrå som skal sova i vogna mi...





Og endeleg - eg er i mål!





No har eg ikkje teke bilete av vogna som ho var, men om eg seier at det gjekk i mørkt 'juksetre' og tekstiler i knall oransje med brune striper i, går det an å sjå det føre seg.





Og no - ja, no har eg mitt eige 'lysthus' ståande utanfor og berre ventar på, alltid like velkomne, gjestar...

lørdag 25. juli 2009

Små funn..


Eg tek med jamne mellomrom turar innom brukt-butikker rundt i distriktet, og har etterkvart gjort mange fine kjøp. Denne veka var eg heldig å finna nokre små fine detaljer til stova mi. Og etter at eg i går fann eit lite sy-bord på fretex, vart det mest heilt perfekt.

No er det berre om eg skal måla bordet, eller om eg skal ha det i original stand? Det er laga i teak, og eg ser føre meg at det er noko liknande sy-bordet som mi farmor hadde i stova si. Då eg var liten var eg ofte og rota nede i den djupe skuffa under bordet, og leika med alle dei fine knappane der.


tirsdag 21. juli 2009

Å pynta heimen







Minsteguten og eg har nyleg kome heim frå ferie. Me hadde ein tur me vil hugsa ei stund. Å øvenatta i ein lavvo er eksotisk og koseleg, men med mykje regn er det ikkje mykje me kunne finna på å gjere. Så me tende bål i gruva, og grilla pølser på spidd, og kosa oss i varmen og knitringa frå bålet.



Lavvoen tilhøyrde Brokkestøylen, ein støyl kor ein kan setja seg ned og få kjøpt kaffi og diverse små, både varme og kalde rettar. Det er òg lagt opp aktivitetar for ungar, og stell av dyr.



Like ved inngangen hang det ein nydeleg krans på veggen. Og sjølv om kransen var fin i utgangspunktet, hadde naturen pynta han endå meir. På toppen av kransen var eit fuglereir med tre fuglungar, og foreldra hadde det travelt heile dagen med å fø dei.

onsdag 15. juli 2009

Brukt på nytt


Etter å ha lese boka 'Brukt på nytt' av Kathrine Gregersen, var eg ikkje sein med å leita fram gamle sengklede. Eg klypte og reiv som bare det, og rulla tøyremsene i fine ballar. Då eg hadde rulla opp nok meter, var det til å finna strikkepinnane. Det er eit prosjekt eg finn fram nå og då, og eg gler meg til fillerya er ferdig.


onsdag 8. juli 2009

Nostalgi og resirkulering







Eg har, så lenge eg kan hugse, vore nostalgisk av meg. Å kaste eit blikk på ein gamal gjenstand får meg til å minnast menneske, dyr eller opplevingar knytta til den.


Men det er ikkje alt som let seg gøyma på i sin heilthet.




Eg er opptatt av å ta vare på ting som er for gode til å kasta. Derfor kan eg sitje i timesvis i fred og ro og 'resirkulere' klær, gardiner, dukar og anna mjukt. Eg elskar simpelthen å sjå korleis det endra seg mellom mine hender. Alt frå eg byrjar å sprette av knappar, merker og blonder, kuttar det opp i passande stykker og sorterer det. Så kan eg sitje i det uendelege å lesa og bla i bøker og blad, og finn inspirasjon til kva eg skal laga.


Teppet til venstre har eg gitt namn; 'Kvinner og Klær' er ei samling av gardiner, klær og dukar frå syster, mor, venninne, tante og unganes oldemor.


Teppet til høgre er ei fin lita samling av avlagde dongeribukser, sengeklær og stoffrestar frå familie og vener.




Eg har ikkje tal på alt eg har laga, og forelskar meg i kvar einaste liten ting. Tanken på at dei blir sette pris på av andre, og at andre gjer ting til meg er varmande.




Det er ikkje berre det mjuke som blir nytta. F.eks ei gamal skuffe blir hylle, gamal reklame blir nytt papir, og gamle taksteinar har blitt til utallige premiar.




Eg gler meg kvar gong eg får setje meg ned med nostalgien og resirkuleringa mi.



tirsdag 7. juli 2009

Kom


I mitt hus har eg fleire krydderurter

gode krydderurter

vakre krydderurter


Eg vonar å få servera mine krydderurter

til gode vener

vakre kvinner


Så kom i kveld, vakre ven

supre kvinne

elskede venninne


Overskrift

Eg sat meg ned her ved min nye, vidunderlege besteven - pc'en. Eg hadde alt klart føre meg om kva eg skulle skriva, men då eg kika på skjermen mens eg venta på at programmet gjorde seg klar, forsvann alle dei fornuftege orda i kvar sin retning inni hovudet mitt. Å leita dei fram er ikkje enkelt, og å finna dei i rett rekkjefølgje er så og seie umogleg.

Så her sit eg, tastar forsikteg fram nokre ord, medan eg undrast på kva tittel eg skal gje dette forsøket..

Eg smilar for meg sjølv og tenkjer at bloggen min ber sitt namn med rette - dette er verkeleg resir(i)kulerte ord, skjønt på ein mest meiningslaus måte.. Eller EG burde bere det namnet; reSIRIkulert! Nydeleg namn









mandag 6. juli 2009

Grøn

Dette er heilt nytt for meg.
Eg reknar med at det blir betre og betre etterkvart som erfaringa veks :)