torsdag 21. mai 2015

Heimelaga tomatsuppe ♥

Eg har i alle år kun laga pose-tomatsuppe. Men lite visste eg at den heimelaga er like enkel å lage, OG har mykje meir smak...
10-20 minutters koking gjer nok tid til å koke litt makaroni og egg som tilbehør.

Oppskrifta til ca 4 personar får du her;

1 hakka løk
2-3 hakka kvitløksfedd
ca 1/2 hakka chili (sjekk styrke)
*steikes i litt olje i 2-3 minutter
tilset
2 ss tomatpurè
2 boksar hermetiske tomatar
7,5 dl grønsak- eller kyllingkraft
evt. litt sukker
salt og peper

Kok alt saman i 10-20 minutter,
kjør suppa klumpfri med stavmikser og server med eggebåtar, makaroni og godt brød til...... Mmmmm

På biletet har eg dryssa ekstra peper på mi suppe - min kjære meiner eg har eit spesielt forhold til peper...
 
Siri




lørdag 16. mai 2015

Nesten klar


Bunaden til Frøken Dings er ferdig strøken, sølja er pussa og 17.mai-søyfa sett på.
Her er både bunad og sølje kjøpt brukt; sølja på 'Gjenbruken' og bunaden gjennom kjøp-og-salg på facebook.
Bunaden kjem nok til å gleda fleire småjenter etter Frøken Dings også, for det viser ikkje at den er brukt eingong.

Utover dagen har eg planar om å steike karbonader og eggerøre, og guten på snart 16 skal lage Brownies. Han har eit ønskje om at den skal lagast ein dag i forvegen, for då er den best, seier han :)

Om eg får til nokre vannbakkelser i morgon, så er det ein bonus.
Spekemat har eg klar, brus er innkjøpt, og is har eg snikt inn i frysen. Den har ein tendens til å forvinna om nokon ser den, og det er iiiiingen som har teke noko!!
Me kryssar fingrane for sånn passe greit vèr, og ønskjer alle ein flott 17.mai!! ♥

Siri

fredag 15. mai 2015

På 5 minutt


Forvandla ein enkesokk seg til leggings og topp til barbiedokka til Frøken Dings.
Med symaskinen var det enkelt å stilla inn på elastiske sting og sy iveg.
Nede på føtene har eg berre brukt stretch-sikksakk. Ein saum i den eine sida, berre for å få leggingsen inntilsitjande. Og to saumar for å markera føtene. Klipp opp og vips - ein leggings :)
Toppen har berre ein saum i ryggen, og ein pynteknapp framme.
Frøken Dings er enkel å gleda, og ho fann det morosamt å sjå kva ein av mine enkesokkar kunne forvandlast til.

Siri

torsdag 14. mai 2015

Peppi tek seg tilrette

Peppi rampekatt har lagt sin elsk på dette vesle lappeteppet.
Lappane har eg fått av ei veninde, meint å bruka ute på epletreet mitt. Det er hekla lappar som ho har hatt liggjande ei stund og ikkje fått seg til å hive, noko eg er veldig glad for! Eg sydde dei saman og la dei på stolryggen, klar til å monterast rundt epletreet dagen etterpå.
Trur du jammen ikkje Peppi tok seg til rette og la beslag i teppet. Ho drog det med seg ned på golvet, og hadde slettes ikkje tenkt å gje det frå seg frivilleg.
 
Eg tenkjer at Peppi skal få ha det ei lita stund, så kan heller epletreet venta. Me er tydelegvis fleire som er glad for 'lappedonasjonen' ;)
 
Siri

onsdag 13. mai 2015

Ein kveld i mai...

...Hadde eg meg ein aldri så liten tur til den gamle jernbanetrasèen mellom Hellvik og Egersund.
Eg gjekk ikkje lange turen, men tankane hadde seg ei undringsferd i tid bakover.
-Å sjå kor mykje tid, arbeid og flid som er lagt ned i ein slik mur. Me finn ikkje murar av denne typen med ny dato...
Ein steingard - ei grense - lagt opp for hand... Spede trestammar gjer sitt innhogg og mjuknar opp.
Ein benk? laga i 1874, fullt brukande i dag, som ein liten rasteplass for ivrige turgåerer.
Ein bjørkestamme; små museøyrer av bjørkeblad omkransar toppen. Fuglar lager dei finaste vårsangar, vinden lagar eit lite sus i naturen og lukt av regnet som nettopp var.
 
Siri
 


søndag 10. mai 2015

Å bu nær garnspinneri


Det har hendt ganske ofte at eg har vore på fabrikkutsalg hjå Gjestal spinneri. Det er (u)heldigvis berre ein god times køyretur herifra ;)
Posesalg er ein kjekk ting der, og då er det om å gjere å fylle mest mogleg garn i ein pose, gjerne to.... Eg har ingen plan då eg handler, men eg likar å innbilla meg at eg har det ;)

I ei tid har eg hatt liggjande maaaange nøster med ullteppegarn - noko har eg brukt, men framleis ikkje nær halvparten.
No har eg lagt opp 150-60 masker på pinne #5 og strikker i veg. Om det vert eit babyteppe, juniorteppe eller eit større teppe vil tid og gidde vise. Nokre striper med mørkegrønt er lagt inn mellom det grå.

Dette er eit kjekt og tankelaust handarbeide - som er supert for strikkekveldar med gode vener, der det er lagt inn gode kaffipauser, og praten er god.

Siri

lørdag 9. mai 2015

Stolt frøken

Frøken Dings viser stolt fram BabyBorn-dokka si. Ho har nemleg laga ny hue til dokka, nesten heilt utan hjelp.
Å 'strikka' på ring (eg hugsar slettes ikkje namnet på den) var gøy, og med tåleg tjukt garn gjekk det fort......vel og merka då ho berre hadde tid å setta seg ned med den.
Feste av tråd og laging av dusk er det einaste ho ville ha assistanse til.
Og allereie no er ho i gang med ny, i annan farge.
 
Garnet er eit nøste frå Gjestal....tru om det var Vestlandsgarn..? :)
 
Siri

torsdag 7. mai 2015

fredag 1. mai 2015

Tid for mi tid

Å sitte i fred og ro
Finna fram teiknesaker
La pen og tusjar leva
Sitt eige liv
 
Tid for mi tid
Tid for berre meg sjølv
 
Siri