søndag 10. mai 2015

Å bu nær garnspinneri


Det har hendt ganske ofte at eg har vore på fabrikkutsalg hjå Gjestal spinneri. Det er (u)heldigvis berre ein god times køyretur herifra ;)
Posesalg er ein kjekk ting der, og då er det om å gjere å fylle mest mogleg garn i ein pose, gjerne to.... Eg har ingen plan då eg handler, men eg likar å innbilla meg at eg har det ;)

I ei tid har eg hatt liggjande maaaange nøster med ullteppegarn - noko har eg brukt, men framleis ikkje nær halvparten.
No har eg lagt opp 150-60 masker på pinne #5 og strikker i veg. Om det vert eit babyteppe, juniorteppe eller eit større teppe vil tid og gidde vise. Nokre striper med mørkegrønt er lagt inn mellom det grå.

Dette er eit kjekt og tankelaust handarbeide - som er supert for strikkekveldar med gode vener, der det er lagt inn gode kaffipauser, og praten er god.

Siri

4 kommentarer:

  1. Det blir sikkert eit godt og varmt teppe same kva størrelse det får.
    Eg frys lett og har ofte behov for sllik ullteppe, eg har eit i babystørrelse,
    eit i juniorstr. og mange større,
    Men eg har ikkje strikka dei sjølv desverre.

    God søndagskveld frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Stakkars deg.. Posesalg er en FRYKTELIG ting...for oss.. Nei vent..HELDIGGRIS! Det er det du er ;o) Tror æ hadde hatt mange turer dit.. Klem

    SvarSlett
  3. Ja, en kan fort bli litt hekta når varen er lett tilgjengelig :) Jeg klarer ikke alltid å ha en plan for hva jeg skal bruke garnet til når jeg handler og mye blir dessverre liggende lenge. Men som regel blir det brukt til slutt. Men det er terapi i seg selv bare å vite at en har noe liggende :)
    Ønsker deg en fin kveld med flott ullteppe på pinnene!
    Anette

    SvarSlett