lørdag 27. mars 2010

Hemmeleg ven i mars



I mars melde eg med på 'hemmeleg ven' i Hobbyboden. Det er ei stund sida sist. Og i dag var eg og henta pakke på posten frå min hemmelege ven. Det er like spanande kvar gong, for eg elskar pakkar!


Innhaldet denne gong var;

*3 nøster ullgarn
*ein pose knappar og hekter
*ein pakke romantiske papirtørkler
*eit englelys

Foreløpig veit eg ikkje kven min hemmelege ven er, men eg vil gjerne seie tusen, hjarteleg takk for ein herleg pakke!



Det er no 2 veker til eg trekkjer vinnaren i min give away, og det er rom for mange fleire deltakere. Litografien er av ein svensk kunstnar, og har ein verdi på 1200 kr. Grunnen til at eg vil lodde det ut, er at eg kjøpte det,rimeleg, for 2-3 år sidan på ein kunstauksjon, men har ennå ikkje pakka det ut og ramma det inn. Difor håpar eg at det er nokon som vil gje biletet glas og ramme, og ein fin plass på veggen..

I går hadde eg siste arbeidsdag på 'gamle' jobben min, og no tek eg meg ein aldri så liten ferie innan eg byrjar i ny jobb 2.påskedag. Eg gler meg!
No skal eg, saman med to av gutane mine, reisa til Danmark og slappa av to-tre dagar. Så skal eldsteguten og pus passa hus og postkasse.

Siri

torsdag 25. mars 2010

Gutar og fotball


Har man gutar i hus, går det nok ikkje mange åra før fotball vert eit sjølvsagt tema.
Medan dei er små, er det kun ein morosam leik. Så, langsamt, snik det seg eit aldri så lite alvor inn i leiken.

Denne bursdagskaka har eg bakt nokre av etterkvart.
Kakebunn er 'kanelkaka' som du finn oppskrift på i tidlegare innlegg.
Smørkrem, pynt og utstyr har eg funne hjå 'Cacas'.
Eg er temmeleg sikker på at det er ein nøgd gut som har feira dagen sin i dag..

Siri

søndag 21. mars 2010

Påskeeggfarging og gåveleik


I går vart minstemann og eg inviterte på påskeeggfarging. Me var 7 stykkjer i sving med egg og fargar. Nokre tomme egg og mange heile egg, som me sidan kunne nyta..

Det kan gå for seg når små hender skal handtera skjøre egg...


Tomme egg med vannfargar...


...og voksstrift..



Her er dei hardkokte, farga egga - klare til å nytast.. Det er berre å velja seg favorittfargen.
Etter farging fekk me ein nydeleg kveldsmat, og eg kan ikkje anna enn å seia; Tusen, hjarteleg takk for koseleg samvær!

Eg må òg nemna gåveleiken eg er med i. Den er slik at du meldar deg på, mottek ei gåve og skal innan 365 dagar senda ei gåve til 3 andre som meldar seg på. På den måten vil snart alle i Blogglandia motta ei gåve i posten. No manglar eg berre ein deltakar. Dei to som allereie har meldt seg på er; Astrid, med bloggen Smykkas, og Lenedyret, med bloggen Lenes Fritidsblogg. Så eg kjem til å senda gåvene så snart nr 3 meldar sin interresse :o)
Siri

onsdag 17. mars 2010

Minstemann vil òg ha..

..armband..
Då er det berre å finna fram litt meir maskuline fargar og setja igang med heklenåla. Litt Mandarin Petit frå Sandnes garn, nokre restar heklegarn og enkle knappar i passande fargar..
Nokre plastperler med bokstavar, og vips - eg har ein nøgd 10-åring..
Siri

tirsdag 16. mars 2010

Litt 70-tals

Etter å ha tråla mønstre på 'gjenbruken' fann eg eit oppskriftshefte frå 70-talet. Gryteklutane er hekla etter mønster herifrå.
Nåleputene er nok ikkje etter så gamle mønster, men fargane minnar meg om den tida. Og knappane er spretta av bestemors klede frå den gong. Det er gjenbruk eg kan lika..
Eg vil òg nemna i forbifarte, at det fortsatt er rom for ein til i gåveleiken, så det er berre å melda seg på.
No har det kome til valgets kvaler her. Jobb har eg fått, men eg er kalla inn i nytt jobbintervju i morgon. Så det er mest ikkje måte på.
Siri

søndag 14. mars 2010

Gåveleik

Tusen takk, Anja, for det nydelege handkledet du har laga til meg!
Eg har meldt meg på ein gåveleik hjå Mosskov design, og fekk gåven frå henne i går. Reglane i gåveleiken er at ein meldar seg på, mottek ei gåve og skal så senda ei gåve vidare til tre nye deltakere innan 365 dagar. På den måten kan flest mogleg etterkvart motta ei fin, og kanskje handlaga, gåve i posten. Kor koseleg er vel ikkje det...?! :o)
Så om du har lyst å vera med, er det berre å melda sin interresse i kommentarfeltet..
No trur eg lukka har snudd seg for meg, for ikkje berre har eg fått meg ny jobb, eg har
òg vore den heldige vinnar i
Lysstreif sin give away. Tusen takk, Sylke, for dei vakre paradisfuglane! Dei kom trygt fram med posten i går, og eg vil gje dei ein god heim.
Ynskjer deg ein fin start på ny veke! Eg set utruleg stor pris på at du kjem innom meg her, og vert glad om du gjer eit lite vink ;o) Og no kan det vera Din tur til å motta ei gåve, om du har lyst...
Siri

fredag 12. mars 2010

Superfredag

Tidlegare i år fekk eg vite at eg var under omstilling på jobb. Det vil seie at etter somaren hadde eg ikkje meir der å gjere p.g.a automatisering. Så av den grunn har eg vore jobbsøkjar i eit par månader no.
Men i dag kom telefonen eg har venta på; Eg er tilbudt jobb på Fjordkjøkken, og har takka ja til den. Byrjar der om to-tre veker. Hipp hurra for meg!!!
Èg har no òg hatt noko handarbeid på fritida; Eit sett med skjerf og hue i Sandnes Palett, som er ferdig no som snøen smeltar vekk og sola gjer varmande grader på stokken.. Men då har me klar eit sett til neste kuldesesong.
Til sist kan eg nemna i forbifarten at eg har fått litt dilla på desse hekla armbanda.. No med litt blonder og perler på nokre..

No skal eg nyta helga til fulle, og håper Du òg gjer det.

Siri



mandag 8. mars 2010

Give Away i fargar

Snøen smeltar sakte, men sikkert her. Sola byrjar å gje litt varme frå seg. Fuglane kvitrar som dei berre gjer på denne årstida. Det har byrja å lysne på morgonane og i kveldingane.
Eg ynskjer å feira at våren snart er her! Difor vil eg ha ein give away i sterke, glade fargar.
*Eit litografi, eit forklede frå 70-talet og fem handlaga 'hønseknappar'.
Reglane er;
1 lodd - legg igjen ein kommentar
2 lodd - legg deg til som fyljar
3 lodd - link til min give away med biletet her
Er du allereie fyljar, får du sjølvsagt lodd for det.
Skriv gjerne kor mange lodd du tek.
Trekninga vil skje 11. april.
Nå håper eg berre at du vil vera med og feira den komande våren saman med meg.
Siri

lørdag 6. mars 2010

Ny vår for gamal krakk

Denne gamle krakken har far min laga på sløyden for omlag 55 år sidan. Og eg har vore så heldig å få den. Eg trur ikkje eg lyg om eg seier at det er minst 5 lag måling på den, for eg hugsar godt frå eg var liten og den hadde ein brun 70-tals farge. No er det nok 5-6 år sidan eg måla krakken i denne fargen.
Etter å ha vandra rundt i Blogglandia ei tid no, har eg fleire stader sett hekla trekk til liknande krakkar. Og det var vel strengt tatt ikkje meir som skulle til for å gje krakken ein ny vår...
Ei kjempestor, hekla bestemorrute i vårlege fargar...
Takk til alle kreative bloggdamer! Så mange tips og inspirasjon å henta hjå dykk..
Ynskjer dykk alle ei fin helg!

Siri

fredag 5. mars 2010

Galoppkake


Sida det no er helg, kan det godt passe med ei kakeoppskrift.
Denne kaka har ingredienser som ein stort sett alltid har i huset. Og i tillegg er den rask å røre sammen.

Galoppkake

6 dl kveitemjøl
2,5 ts bakepulver
1 ts kardemomme
3 dl sukker
150 gr smør
4 dl mjølk
Pynt:
Litt sikta melis

*Bland alt det tørre i ei bakebolle og smuldre i smøret. Tilset mjølk og rør deigen saman. Bre deigen ut i ei lita langpanne dekka med bakepapir.
Steik kaka på midterste rille i 40-45 minutt på 200 grader. Avkjøl kaka, dryss over melis og skjær den i bitar.
Lekker topping; Dryss på perlesukker og hakka mandler over kaka før steiking.

Så seier me berre 'vel bekomme'.

Siri

tirsdag 2. mars 2010

Hemmeleg uven-sokkar


I haust ein gong melde eg meg på 'hemmeleg uven' på Hobbyboden. Det går ut på at ein får ein adresse kor ein skal senda ein garnpakke av det 'uvenlege' slaget.
Desse sokkane har eg strikka utav eit nøste 'uvengarn' eg fekk då. Eg tykkjer dei vart festlege, og ingenting minnar om uven her..
Mine føter koser seg i dette paret.

Siri