søndag 28. september 2014

Ved Dorgefossen i Sirdal

P6062177

 

Eg hugsar godt då eg gjekk på barneskulen og var i desse trakter for første gong. Eit overveldande skule for ei lita jente.

Fortsatt må eg stoppa bilen for å gå ut og sjå dette skuet når eg er i Sirdal. No er det laga til slik at ein kan sjå fossen frå fleire vinklar, i motsetning til når eg var jente. Då måtte me stoppa på riksvegen og sjå derifrå.P6062178 

Jettegryter og holer laga av vatnets slitasje gjenom lange tider. Det er lettare å sjå dei no enn då eg var liten. Eg får eit sug i magen medan eg ser nedover….P6062180

Det er krefter i vatnet!P6062179

Det var ikkje så høg vannstand, men eg kan berre innbilla meg kor mektig det er når det verkeleg fossar.

P6062184

Eit lite blikk på vatnet ovenfor fossen, og litt av naturen rundt.P6062185

 

‘Planking’ midt i vegen gjekk godt an denne dagen; lite trafikk og god sikt. Det er slik ungdomen likar.P6062186

 

Vaksne kan heller meditera litt på rasteplassen….

 

Skulle du vera i nærleiken av Sirdal og Dorgefossen, synes eg du gjerne kan kosta på deg ein stopp her.

Siri

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar