mandag 29. september 2014

Punktert…

P7282285

Ikkje så lett å sjå kanskje, men dekket er så flatt som det kan bli. Og det var jo eg som var på køyretur heilt åleine! Kva gjer eg då; jau, ringde til min kjære for å få litt hjelp. Men han gav meg berre nummeret til Falken…. Etter å ha pusta roleg for meg sjølv nokre gonger, tok eg telefonen eg så langt aldri har teke – til Falken for å få veghjelp.

Ein hyggeleg, ung mann kom meg til unnsetning etter ein halvtimes tid. Berre så det er sagt, så er det visse ting eg ikkje vil læra meg, blandt anna å skifte dekk på bil.

P7282289

Den ungen mannen hadde rett utstyr og godt humør. Og då han fann fram reservehjulet til bilen, knakk eg saman i latter. Snakk om ‘sykkelhjul!!

Det var reine opplevinga å køyre bilen heimatt med dette på… Du kan trygt sei eg tok det tåleg!

P7282287

Det vart jo ei lita stund å vente, så eg fann fram kameraet og tok nokre bilete frå staden.

P7282284

Jæren er vakker!

Siri

3 kommentarer:

  1. Hei og takk for hyggelig kommentar hos meg. Det var kjekt å høre fra deg og kjekt å lese innleggene dine igjen :) Har savnet deg i bloggverden, selv om jeg ikke har vært så veldig aktiv jeg heller. Gleder meg til mange flere kreative innlegg fra deg..
    Ønsker deg flotte høstdager!
    Klem fra Anette

    SvarSlett
  2. Ikke så greit å punktere... Og reservehjulene er nok ikke det samme som før :) Godt du hadde et fint landskap å se på! Ha en fin høstuke!

    SvarSlett