Allminnelege reglar for mat- og kjøkkenstell.
1. | Legg plan for dagens arbeid. |
2. | Ta på reint forkle, dekk håret godt, børst og vask hender og negler før matstellet byrjar. |
3. | Hald kjøkkenet og kjøkkentøyet reint og i orden. |
4. | Puss ikkje skotøy, børst ikkje klede, og utfør i det heile tatt ikkje arbeider som det støver av, i kjøkkenet. |
5. | Fei ikkje kjøkkengolvet, men vask det dagleg. |
6. | Tørk ikkje støv i kjøkkenet med tørr, men med fuktig klut. |
7. | Sørg for frisk luft i kjøkkenet. |
8. | Ha tilstrekkjeleg og praktisk kjøkkentøy. |
9. | La alt kjøkkentøy ha sin bestemte plass. |
10. | Ha matvarer og redskap i orden før matstellet byrjar. |
11. | Mål og vei nøyaktig, for at maten kan verta vellykka. |
12. | Ta ikkje salt, sukker, mjøl og andre tørre matvarer med handa når du kan unngå det. |
13. | La ikkje skei, sleiv eller visp stå i maten medan den kokar. |
14. | La ikkje auser av metall stå i mjølk. |
15. | Bruk særskild skei og skål når du skal smake på maten. |
16. | Stell maten for andre så pent som du vil at andre skal gjera det for deg. |
Desse reglane fann eg i ei kokebok for barne- og framhaldskulen, som eg kjøpte på Fretex i dag. Morosam lesing, samstundes som det er godt å tenkja på kor mykje lettare matlaginga er for oss no…
Siri
Oi, oi, oi - dette var andre tider. Men vi har muligens noe å lære her :)
SvarSlett