lørdag 10. oktober 2009

Ein UFO mindre

Eg tok tidlegare imot ei utfordring på Hobbyboden
om å slanka vekk nokre Ufo'ar iløpet av oktober..
Det måtte ikkje mykje leiting til for å finna eit par,
for eg har liggjande litt av kvart om eg berre tenkjer
etter.. No har eg festa siste trådane og dampa
denne vesten, som eg byrja på for eit år sidan.
Det passa for så vidt godt å fullføra no, då det kjennes
at det går mot kaldare tider.
Det er ikkje eit perfekt bilete av vesten, men du
finn modellen i heftet til SandnesGarn, mix dame,
0609. Vesten er strikka i Alfa på pinne 7.
No sit eg og nyt ein god kopp kaffi, og kjenner
kor god følelsen er å ha fullført. I morgon
skal eg finna fram neste Ufo, eit par sokkar
i tubestrikk.. Eg gler meg...

Siri


3 kommentarer:

  1. Bra jobba! Den vesten så deilig ut, Alfa er et bra garn!

    SvarSlett
  2. Så fint! :) Eg har benytta kvelden med å ta meg pc-fri og sjå Stolthet Og Fordom. Så her velt ufo'ar rundt alle krinkar og krokar ;)
    god natt

    SvarSlett
  3. Kjempefin vest! En sånn kunne jeg godt tenke meg å strikke. Jeg liker også Alfa-garnet veldig godt.

    SvarSlett