I morgon kveld trekkjer eg 2 vinnera av min resirkulerte gje-vekk. Det er forstsatt god tid å melda seg på for den som ynskjer. Lommebøkene er populære blandt ungdommar, og er fine som gåver, om du ikkje får bruk for ei sjølv.
Klikk deg inn på linken til høgre, og meld deg på :)
Siri
fredag 30. november 2012
torsdag 29. november 2012
Julekalendar
Det har nærast blitt ein tradisjon å laga julekalendar til mor mi, istaden for å gje julegåve. Også i år har eg laga kalendar, både til mor og til svigermor.
Denne kalendaren har eg lagt i ei korg kjøpt på gjenbruken, og pynta med englar kjøpt på Fretex.
Gåvene er lagt slik at dei slepp å leita ; i rekkjefølge.
Eg har kosa meg med å planleggja, laga, kjøpa, pakka inn og overlevera.
Det er ei fin tid me er inne i no...
Siri
onsdag 28. november 2012
Tørka citrusfrukt
Tørka citrusfrukt er dekorativ pynt no i advents- og juletid. Eg brukar den også i heimelaga potpuri. Skjær skjever på ca 1/2 cm ; det kan vera clementin, sitron eller appensin. Legg på rist, og ha i steikeovn med varmluft ved nesten 100 grader. Ha ei tresleiv i steikeovnsdøra, så den står litt på gløtt. Det tek ca 1 time + - til dei er tørre.
Epler kan òg tørkast på same måte.
Siri
tirsdag 27. november 2012
Glitter og kos
Det er kjekt med små puslerier. Her er julegrisen - eller heldiggrisen, trygt montert på syltetøyglas. Han skal kosa seg på toppen, medan me kan kosa oss med innhaldet i glaset. Denne har eg fylt med julekonfekt og lagt i ein av førjulsposane.
Ein tom, liten maisboks, utan etikett, har fått litt førjulgodteri oppi, og juleklistremerke til pynt. Nok eit lite bidrag til førjulsposen.
Det er ikkje berre eg som syslar med glitter for tida. Ungane likar òg glitter og stas. I løpet av året samlar eg nokre lysstumper, og dei blir godt brukt no i førjulstida.
Dekorativt som pynt.
Litt vatn i ein tallerken, peperkakeformer, eit dryss av glitter i formene og drypp av stearinlys på toppen. Prinsessa gjorde dette for fyrste gong, og storkoste seg.
Siri
mandag 26. november 2012
Juleku???
søndag 25. november 2012
Førjulepusleri
Siri
lørdag 24. november 2012
Har ein flink gut
Det er minsteguten min som har dreidd denne skåla
Han kom heim frå skulen med vidunderet, og mor og son er like stolte.
Siri
onsdag 21. november 2012
Barnebok
Fleire av sidene frå juleboka har fått nytt 'liv'. Eg har lagt sidene dobbelt og teikna mønster etter peperkakeformer før eg klypte dei ut.
Dei er sydd saman med sikk-sakk-sting, og har tråd til oppheng.
På figurane utan teikning har eg passa på at det står nokre 'julete' ord på, som ; nissen, julegaven, ønskeliste... Enkel pynt som allereie har sin plass i vindauget.
Siri
Etiketter:
Inspirasjon,
Jul,
Resirkulering,
Små puslerier
tirsdag 20. november 2012
Litt av ei barnebok
Det er ikkje alle barnebøker som kan reddast etter hardhendt bruk frå små hender. Av ei slik julebarnebok har eg laga desse soppane.
Holetanga er brukt rundt kanten, og eg har hekla med noko restegarn og glittertråd rundt. Ei hempe er laga av 30 luftmasker.
Litt glitterlim på den soppen utan teikning..
Eg har laga annan julepynt av same boka, som eg lagar eit innlegg om seinare.
Siri
Etiketter:
Hekling,
Jul,
Resirkulering,
Restegarn,
Små puslerier
Abonner på:
Innlegg (Atom)