tirsdag 27. november 2012

Glitter og kos

 
 Det er kjekt med små puslerier. Her er julegrisen - eller heldiggrisen, trygt montert på syltetøyglas. Han skal kosa seg på toppen, medan me kan kosa oss med innhaldet i glaset. Denne har eg fylt med julekonfekt og lagt i ein av førjulsposane.
 
 
Ein tom, liten maisboks, utan etikett, har fått litt førjulgodteri oppi, og juleklistremerke til pynt. Nok eit lite bidrag til førjulsposen.
 
 
Det er ikkje berre eg som syslar med glitter for tida. Ungane likar òg glitter og stas. I løpet av året samlar eg nokre lysstumper, og dei blir godt brukt no i førjulstida.
 
 
Dekorativt som pynt.
 
 
Litt vatn i ein tallerken, peperkakeformer, eit dryss av glitter i formene og drypp av stearinlys på toppen. Prinsessa gjorde dette for fyrste gong, og storkoste seg.
 
Siri

2 kommentarer:

  1. Du har så mange gode idear!! Synd barnehagen har storstilt inndamlingsaksjon på lysstumpar. kanskje eg må snike vekk litt ;-) Tomme hermetikkboksar kan ein laga mykje fint av. Det er desverre blitt vanskelegare å få tak i dei som er blanke syns eg. Er så mange «gule», og det er ikkje så fint! Og den grisen- veeldig fin :-)
    Silje

    SvarSlett