Prinsessa har lenge hatt ein lys rosa 'enkel vest' av oppskrift frå Pickles. Ho brukar den stadig vekk, og det er nok snart på tide å strikka ein ny til henne.
Eg kom nyleg over denne oppskrifta på 'enkel vest', hjå Frances fra Lykkeveien, tro kopi Pickles sin, dog i babyborn-størelse. Sjølvsagt måtte babyen til prinsessa få ein slik vest!
Det var fort gjort å strikka, og det gjekk med knappe eit nøste garn.
Gleda var stor då prinsessa kom ned i dag morges og fann babyen oppkledd i makan vest som ho har sjølv.
Siri
Så fin den ble.
SvarSlettSynes det er så koselig når andre har nytte av oppskriften.
God søndag videre :)
Så fin vest :-) glede meg til frøkna her i huset begynne å leike med dukker :-)
SvarSlett