Eg har kome godt igang med veska eg skal lage av gjenbruks-broderiet eg har valgt meg ut.
Den 'gamle' veska mi syng på siste vers, og eg ønskjer ein ny 'følgesven'..
Framsida er broderiet eg kjøpte på gjenbruken, sidene, botn og hanken er av svart 'arvegarn' av ukjent art...
Baksida er hekla av mykje ulikt og fargerikt restegarn av ull..
Hanken er halvvegs ferdig, og eg manglar glidelås og fòr i veska.
No gler eg meg til den er ferdig..
Du har òg mulighet til å vinna eit av to broderier i 'Gje-Vekk'en min. Den trekkes 14. februar.
Siri
lørdag 28. januar 2012
fredag 27. januar 2012
Sminke-lapper
Den siste veka har me vore sjuke, den eine etter den andre. Då er det veldig greit å ha småprosjekter å halda på med.
Eg har funne fram Føn, frå Gjestal spinneri, pinner 3,5 og lagt opp 15 masker. Strikka 10 riller og felt av.
Av eit nøste fekk eg 10 lapper.
Her har eg lagt dei i små bunter og knytt rundt ein hekla blome av restegarn. Planen er å ha nokre bunter liggjande i gåveskuffa, i tillegg til dei eg har strikka til meg sjølv.
Mjuke og gode til sminkefjerning, og miljøvenleg sidan det berre er å vaske dei og bruka dei igjen og igjen..

Etiketter:
Hekling,
Restegarn,
Små puslerier,
Strikking
onsdag 25. januar 2012
Te - Bag
For ein te-glad person som likar å gå tur, tenkte eg det kunne vera kjekt å ha ein liten bag å samla eit par te-posar i..
Te-bagen er strikka i Petunia på pinnar 3,5, og pynta med ein liten gjenbrukts-knapp.
Kjekk, liten bag å ha i veska eller sekken. Og kan fint gjera bruk for seg til andre ting også. F.eks. til å gøyma med seg o.b. i veska...

fredag 20. januar 2012
Gåvene er klare
Siri
Etiketter:
Broderier,
Hekling,
Restegarn,
Små puslerier,
Strikking
onsdag 11. januar 2012
Gje-vekk på hjartedagen
Det er vinter, sola har snudd og me treng tilskot av glade fargar...
Etter å ha gjort eit kupp på 'Gjenbruken', ønskjer eg å dela gleda med andre.
To flotte broderier på ullstoff, type 'bunadstoff', lodder eg ut til to heldige. Alle kan delta på gje-vekk'en.
Det første ein bukett blomar ~
~ det andre av ein fugl blandt kirsebær...
Du kan ta inntil 2 lodd;
-1 for kommentar på innlegget
-1 for å linka til gje-vekk'en
bruk då eit av dei øverste bileta.
Eg trekkjer dei heldige på hjartedagen 14.februar om kvelden.
Her ser du biletet av heile stoffbiten, og målet er ca 35x35 cm.
Håper å kunne gleda med desse glad-broderia..
Sjølv held eg på å laga meg ei ny veske av eit anna broderi...

fredag 6. januar 2012
Leiker til småfolk
2 små fadderbarn fyller snart 1 år. Sjølv er eg inne i ein 'småprosjekt-periode', og nyttar sjansen til litt småstrikk.
Restegarn i mange fargar og ullkvalitetar er funne fram, og etter mange runder rundt i Blogglandia, har eg funne inspirasjon til litt 'Waldorf-leiketøy'.
Hønene var utruleg enkle, og fort strikka. Mønster fann eg hjå Tusindfryd.
Gnomen har eg strikka etter innfallsmetoden, etter å ha sett mange bilete av slike..
Etter å ha teke dette biletet, har eg strikka ein gnom til, og ein kvit katt. Eg har òg pynta litt på gnomane med enkelt broderi. Bileter kjem etterkvart..
Dette er strikk etter mitt hjarte for tida, så kjem nok tida for litt større prosjekt snart..

torsdag 5. januar 2012
# 2 og # 3
Bilde av par nr 2, strikka i Silja..
Siri
mandag 2. januar 2012
Første par ut
Som tidlegare nemt, så er gult prinsessa's favorittfarge. Og slik som det er ordna her, så får eg jammen ein tur/retur Jæren-Oslo ein gong i månaden med tog. Då har eg god tid til litt handarbeid.
Sokkar stod på prinsessa's liste, og eg fann fram Silja og pinnar nr 3. Lite ante eg at det var så drygt garn, for eg har strikka eit par til prinsessa og eit par til meg, og ennå har eg ikkje brukt opp 2 nøster...

lørdag 31. desember 2011
Siste kveld i 2011
Kvelden skal feirast saman med mange gode vener, både små og store.
Menyen for aftenen er kalkun med mykje godt attåt. Mi oppgåve er å bringa med Waldorfsalat, som smakar fortreffeleg til kalkun.
WALDORFSALAT
6 epler
4 ringar ananas
100 gr valnøter
3 dl majones
3 dl piska fløte
saft av 2 sitroner
4 ss ananassaft
blå druer
4-6 stanselleri
*Skjær eplene i biter og dynk dei i sitronsaft.Skjær ananas og selleri i biter. Bland majones og fløte, og ha alt i. Oppskrifta skal vere meir enn nok til 8 personar.
Me handla litt for mykje fløte til julehelga, og den må brukast opp denne helga. Då passar det godt å laga denne desserten;
Oppskrifta finn du her
~Ostekake/dessert~
Kveldens høgdepunkt er pakkeleiken som me har kvar nyttårsaften. Pakkane ligg klare, noko tull og noko for alle.
Til slutt vil eg takka for det gamle, og ønskje deg alt godt i 2012.

torsdag 29. desember 2011
Lommetøfler
Eit nøste Robust = eit par lommetøfler størrelse dame.
Kjekke å ha i gåveskuffa. Kanhende dei får litt pynt innan dei får ein eigar...
Siri
Abonner på:
Innlegg (Atom)