onsdag 15. oktober 2014

Stjerne–Give Away

 

PA142312

Eg har byrja pusla med førebuingar til vinter, og har i den anledning hekla ei ‘Stjerne-rekkje’ som eg gjerne har lyst å gje til ein av mine kjære lesere. Om DU har lyst å vera med i trekninga, er det berre å skriva ein kommentar til dette innlegget.

Kommentar –> 1 lodd

Kommentar OG link til dette innlegget –> 2 lodd

Bruk då biletet å linka med.

Eg trekkjer ein vinnar 31.oktober.

Lykke til!

Siri

tirsdag 14. oktober 2014

Sånn går nu dagan…

Den eine dagen er den andre ulik, heldigvis. Men ei ganske lang stund har dagane mine vore altfor like. For eit par år sidan slo ein depresjon meg ganske ut. Hovudet var så trøtt at resten av meg ikkje klarte å fungera fullt ut på jobb lengre. Det er slitsomt å vera sliten.

No er eg midt oppi arbeide med å ta kvardagen min tilbake, og går i kunst- og uttrykksterapi. Eg har funne att gleda i å bruka ark og blyant, måling og leire. Skapargleda kjem meir og meir til overflata, og vil gjera sitt inntog i ledige stunder.

575911_576115605753483_1920904781_nKvardagen har fått ein smule meir overskot, og eg klarer å sjå at det går framover. Eg har fått meg treningskontakt, og saman driv me styrketrening. Dette er med på å byggja opp om sjølvfølelsen, kjenner eg.

Det er terapi i å vera meir åpen om kvardagen min òg. Å ufarleggjera temaet depresjon. Galgenhumor er ein viktig støttespelar her.

Så, morgondag, kom og ta meg – eg er klar!

Siri

biletet er funne på nettet…

Rosa sløyfe


Oktober er den rosa månaden, med sløyfa som sentralt symbol.
Eg har kjøpt meg ny kopp med rosa sløyfe, og strikka små renseklutar med rosa sløyfe. Mønster på klutane er utdrag frå rosa søster- kluten til Bitta Mikkelsborg. Ho har eigen blogg og eiga gruppe på facebook.

Siri

søndag 12. oktober 2014

Restekatt

 

P9012256

Ein katt sydd av gamalt dynetrekk og ‘trollgamle’ knappar. Fuglen i kattens pote er sydd av nokre restar eg hadde att frå stoff brukt til Prinsessas klede. Mønsteret er henta frå ei av ‘Tilda’-bøkene.

Ikkje den søtaste Tildakatt, men den har sin rustikke sjarm, tykkjer eg.

Den har fått ein god heim hjå min mellomste son.

Siri

Mus på en løvetann

Ei lita teikning vart til i kveld.
Eg sit åleine og nyt fred og ro.  Det er ikkje heilt kvardagskost, så då kan tida gå utan eg heilt ensar det. I kveld er det små tankar som har festa seg på papiret.

Siri

onsdag 8. oktober 2014

Klutar


Ja, eg har også kjøpt boka 'Kluter' av Bitta Mikkelsborg. Eg byrja med 'Renseblad' for så å strikka kluten 'To fugler i hånden'. Sistnemnte hadde eit par skjønnhetsfeil, men pytt pytt tenkte eg. Det kan ordnast med feilfri neste klut. Eg heiv meg på 'Stier', men eg er sikker på at me har ein nisse i huset som driv og nisser. . Jammen fekk denne kluten ein feil på seg også... men alt i alt er eg nøgd; klutane er mjuke og gode.

Siri

tirsdag 7. oktober 2014

Haustkveld i Kvassheim hamn

 

P9242283P9242280

P9242283P9242290P9242284P9242289

Bilete teke i Kvassheim hamn, iløpet av 5 minutt, ein haustkveld….Jæren, mitt jæren ♥

Siri

Saftig ‘dugnadskake’

 

P9272297Dugnadsånden er stor i bygda, og idrettslaget er ei av kjeldane for dugnad. Nyleg vart eg spurd om eg kunne baka ei kake til eit arrangement der, og eg svara ‘ja’. Valget var fritt og eg hadde lyst å baka ei saftig kake.

Eg nytta meg av bloggen Chocolanas Matblogg, og fann oppskrifta på Unni’s kokoskake.

Pynten er melisglasur, der eg har brukt litt sitronsaft, fløte og melis. På toppen er det kokosflak og tørka ringblomer, samt eit lite dryss med ‘glitter’. Kaka fekk samtlige her i huset å koma snikandes inn på kjøkkenet i håp om at det var ein smakebit på dei, men dei må nok venta til neste kakebakedag.

Siri

mandag 6. oktober 2014

Ugle


Nok ei ugle er ferdig. Dette var kjekke pusleriee. Eg har funne inspirasjon til desse hjå KIRKEBY. Og eg har laga fleire allereie, men kjem ikkje til å blogga alle. Det hadde nok kanskje vore i meste laget.  Undrast på om det er andre som lar seg riva med og lager litt mykje av ting som er kjekt å laga?

Siri

søndag 5. oktober 2014