lørdag 14. februar 2015

Til gode frokoster og sånt...

..er det vel ekstra kjekt å kunne dekke opp med nykokte egg? Eg tykkjer i alle fall det ;)
I tillegg er det snart påske, og kyllingar og påskehare er eit sjølvsagt innslag i interiøret.
Restegarn, heklenål og perler frå gamle smykker låg lageleg til, og litt prøving og feiling endte i desse eggevarmarane...
Haren er ein smule stor, men sikker varm og god uansett. Haren og kyllingen er hekla med stavar, medan huene er hekla med halvstavar..
Desse eggehuene kjem til å varma øyrene på mine vinter- og påskeegg. Prinsessa har gitt uttrykk for at ho likar best hua med fleirfarga garn, så då får ho nok den.
Pompomane er laga med pompom-maker. Eg forstår mest ikkje kvifor eg ikkje har skaffa meg ein slik før....
Plutseleg har eg mest ikkje smårestar att av garn, noko som er supert!

Min Valentin skal på jobb i natt, så eg trur eg vil laga matpakken hans ♥
Ønskjer deg ein fin laurdag!

Siri

3 kommentarer:

  1. Så fine eggvarmarar.
    Kankje begynne å lage slike til påske...
    Den er rett rundt hjørnet :)

    God helg.

    SvarSlett
  2. Fine eggvarmarar.
    Kanskje burde eg lage slike til påske.
    Den er rett rundt hjørnet.

    God helg.

    SvarSlett