onsdag 18. februar 2015

Rosa miniatyr drøymehus

Eg fekk ei kjekk lita eske av svigerdotter mi i går. Inni var eit heilt lite eventyr av små puslerier.
-ei glaskule 12 cm i diameter
-alt av utstyr
-miniatyr puslebitar

+ belysning til hærlegheten (men eg la det fint vekk, då bruksanvisninga kun stod på kinesisk)
Her er eit glimt frå 'baksida' av huset, og som du ser så er huset godt møblert. *Badekar med skum, seng med sengeteppe g puter, lamper, sofagruppe, kommode og nattbord mm.

Her er eit bilete frå bygginga. Det var skikkeleg 'putlearbeide' - eg måtte bruka pinsett på mykje av det.

Settet er kjøpt i Hong Kong, og eg har aldri sett noko liknande her omkring. Eg kjem til å setja eit nytt sett på ønskjelista mi, for tenk om eg kunne laga miniatyrdrøymar i fire årstider ♥
Etter påske reiser svigerdotter til Hong Kong att, så det er slettes ikkje umogleg ;)

Siri

3 kommentarer:

  1. Så skjønt det var. Nei har heller aldri sett lignende, men skjønner du ønsker deg flere. Håper ho skaffer deg flere ;)
    Ha en fin kveld!
    Hilsen Åshild

    SvarSlett
  2. Imponert over et herlig pusleri! Ha en kreativ helg!

    SvarSlett