søndag 15. februar 2015

Oppskrift på eggehue

Du treng:
Heklenål nr 3
Restegarn i ull - f.eks tove, pt2 eller liknande

Kvar omgang startar med 2 luftmasker som erstattar 1. halvstav
*Lag ein 'Magic loop'(det går sikkert å hekle 4 luftmasker og feste dei til ein ring)
*Hekle 10 halvstavar om 'loopen', avslutt med kjedemaske i første halvstav
*Hekle 1 halvstav i første maske, 2 halvstavar i neste - gjenta dette omgangen ut, avslutt med kjedemaske i første halvstav
*Hekle 1 halvstav i dei første 2 maskene, 2 halvstavar i neste - gjenta omgangen ut, avslutt med kjedemaske i første halvstav.
*Hekle 1 halvstav i dei 3 første maskene, 2 halvstavar i neste - gjenta omgangen ut, avslutt med kjedemaske i første halvstav
*Hekle 6 omganger med 1 halvstav i kvar maske, og avslutt kvar omgang med kjedemaske i første halvstav
*Klipp av tråden og fest dei lause trådane

Om du vil ha dusk, lagar du den og syr den fast på toppen. Til dette har eg brukt ein 'pompom-maker'.

Eg håpar dette var forståeleg ;)

Siri

1 kommentar: