tirsdag 30. desember 2014

Nyttårsforsett som gagnar andre

 Før jul fekk eg idèen om å ha eit nyttårsforsett. Vanlegvis har eg ikkje det...
Men eg vil ha eit nyttårsforsett som gagnar andre dette året...
 Å strikka sokkar til asylsøkjarane på Mottaket i Hå, Nærland.
Indremisjonen i Rogaland samla inn varme sokkar før jul. Dei søkte etter nærare 150 stk, helst i herrestørrelsar, men også i dame-og barnestørrelsar.
Eg klarer ikkje strikka 150 par, men eg kan i det minste bidra. Dei har ikkje så mykje, og vert så glade for lite; det såg eg på julefeiringa på Ognatun.
Og det er ikkje noko særleg å frysa på føtene for nokon, og garn har eg liggjande klar.

Til sist vil eg takka for det gamla og ønskja deg eit godt nytt år!

'Ingenting eg umogleg, det tek berre litt lengre tid.'

Siri

4 kommentarer:

  1. Det var eit fint tiltak du har der. Noko fleire burde gjort. Godt nyttår til deg også.

    SvarSlett
  2. Så flott gjort ... Lurte på om jeg skulle få klubben min, (eller foreningen som dere sier på sørsiden av Boknafjorden) med på å noe felles prosjekt i 2015.
    Jeg har tenkt på lapper til tepper, men dette var jo også et bra prosjekt da ...Takk for det gamla ;-) Hilser snart innom igjen :-)

    SvarSlett
  3. Bra forsett! Eg lærte meg å strikke sokkar i fjor, då eg plutseleg kom på at eg ikkje kan stole på mamma og svigermor til evig tid. Men det tek si tid…

    SvarSlett
  4. Det var et fint Nyttårsforsett som jeg er sikker på du klarer å holde og som kommer til å både glede og varme de heldige.
    Godt nyttår

    SvarSlett