Eg kjøpte 2 nøster tjukt bomullsgarn, og nytta kvar cm tråd til klutar, ‘bomullspads’ og ein hekla blome til å samla kvart sett.
Klutane strikkar eg enkelt ~ legg opp 39 masker, strikk rett vrang ut pinnen, og rett pinnen tilbake. Ein hekla kant gjer kluten litt fasong til slutt.
Bomullspad ~ legg opp 12-15 masker, kjem an på tjukkelsen på garnet, og rillestrikk til ca 7 riller.
Bonusen må vere bruk,vask,bruk av pads, i tillegg til at det er mjuke og gode klutar.
Siri
Kluter er og blir kjekt, både som mellomstrikk, hurtigstrikk og bruk etterpå :)
SvarSlettFlotte kluter.
SvarSlettHerlige gaver og herlige og bruke.