Det er kjekt å ha funne fram blyant og papir att!
Siri
Ikkje så lett å sjå kanskje, men dekket er så flatt som det kan bli. Og det var jo eg som var på køyretur heilt åleine! Kva gjer eg då; jau, ringde til min kjære for å få litt hjelp. Men han gav meg berre nummeret til Falken…. Etter å ha pusta roleg for meg sjølv nokre gonger, tok eg telefonen eg så langt aldri har teke – til Falken for å få veghjelp.
Ein hyggeleg, ung mann kom meg til unnsetning etter ein halvtimes tid. Berre så det er sagt, så er det visse ting eg ikkje vil læra meg, blandt anna å skifte dekk på bil.
Den ungen mannen hadde rett utstyr og godt humør. Og då han fann fram reservehjulet til bilen, knakk eg saman i latter. Snakk om ‘sykkelhjul!!
Det var reine opplevinga å køyre bilen heimatt med dette på… Du kan trygt sei eg tok det tåleg!
Det vart jo ei lita stund å vente, så eg fann fram kameraet og tok nokre bilete frå staden.
Jæren er vakker!
Siri
Eg hugsar godt då eg gjekk på barneskulen og var i desse trakter for første gong. Eit overveldande skule for ei lita jente.
Fortsatt må eg stoppa bilen for å gå ut og sjå dette skuet når eg er i Sirdal. No er det laga til slik at ein kan sjå fossen frå fleire vinklar, i motsetning til når eg var jente. Då måtte me stoppa på riksvegen og sjå derifrå.
Jettegryter og holer laga av vatnets slitasje gjenom lange tider. Det er lettare å sjå dei no enn då eg var liten. Eg får eit sug i magen medan eg ser nedover….
Det var ikkje så høg vannstand, men eg kan berre innbilla meg kor mektig det er når det verkeleg fossar.
Eit lite blikk på vatnet ovenfor fossen, og litt av naturen rundt.
‘Planking’ midt i vegen gjekk godt an denne dagen; lite trafikk og god sikt. Det er slik ungdomen likar.
Vaksne kan heller meditera litt på rasteplassen….
Skulle du vera i nærleiken av Sirdal og Dorgefossen, synes eg du gjerne kan kosta på deg ein stopp her.
Siri
På det O Store Internet fann eg svaret på kvifor Mona Lisa smiler.
Måtte biletet muntra opp for deg som det gjer for meg!
Siri
Eg har fått litt dilla på Hama-perler. Mimring på gang samstundes. Eg trur det er mange av min generasjon som hugsar Pac-Man. Og yngre generasjon har fått kjennskap til ein meir moderne versjon. Til venstre ser du gutane mine sine favorittar; Minecraft…..
Barneutgåve av Donald og Dolly, og muffins til eit heilt lite selskap. Fuglane må ikkje gløymast. Alle desse perlefigurane har fått pålimt ein magnet, så kan dei gjere litt nytte for seg. Kjekke små gåver.
Siri
Sokkar; noko av det kjedeligaste eg strikker…. i allefall sokk nr 2.
Men som den pliktoppfyljande mora eg er, så strikkes det sokkar til stadig større føter.
Eg hugsar ikkje heilt kva garn eg har brukt her, men pinner nr 3,5 er brukt..
Klutar:
Det er strikka ganske mange klutar etterkvart. Desse er strikka i dobbelt bomullsgarn på pinne nr 5.5. Oversett til norsk, heiter mønsteret Bestemors favoritt. Desse 3 klutane forsvann i sommargåve.
Mobilar treng sokkar eg kan lika å strikka. Denne mobilsokken forsvann til mi komande svigerdotter.
Strikka av Mitu på pinner nr 3,5.
Måtte strikkepinnar og heklenåler aldri få kvile…
Siri