mandag 27. mai 2013

I det siste…

P5192165

..har det ikkje skjedd så mykje handarbeidsmessig. Det er mest småting som ikkje er noko å blogga om.

Men eg har fått bursdagsgåve på forskot av min kjære, og den har teke av tida mi ; ein ny bærbar pc som har fått mine små grå til å bryna seg. Det ser ut til at eg har funne ut av det viktigaste no – som blogging og bilete – så det er berre å snu seg rundt og finna nål og tråd att Smilefjes som blunker 

Ellers har me vore på tur. Min kjære og prinsessa hadde ikkje sett den fantastiske Jøssingfjorden, med Helleren og alt det flotte rundt. Biletet over er frå utsiktspunktet over fjorden.

P5192170

 

Og dette biletet av min kjære er teke ved parkeringsplassen like ved Helleren. Frukttre i full bloming.

Skulle du nokon gong vere på desse kanter, kan eg ikkje anna sei enn at det er verdt ein ekstra omkøyring med å ta rv44 mellom Flekkefjord og Egersund.

lørdag 18. mai 2013

Pølsekrig

006 004

005 007

Det er jammen ikkje mykje som skal til for å gleda eit kattehjarta ; eg hekla ei neonrosa minipølse til Jellybelle, fyllt med fyllvatt og ‘cat-nip’ og la den på golvet….

Me må berre sjå kor lenge pølsa klarer seg, for den får gjenomgå mange gonger om dagen ;)

fredag 17. mai 2013

Gratulera med dagen!

 

002Noregs nasjonaldag -

nokon skal feira den saman med vener som har nær tilknytning til Sveits og Russland. Difor vert det markert med desse flagga også. Eg kryssar fingrane for at kaka fell i smak hjå alle.

Kvit Dame heiter kaka. Fyllet er makronbotn, jordbærsyltetøy, fløte og sukkerbotn. Eit marsipanlokk på toppen, pynta med marsipanroser og –flagg, dekorgèle og tørka kornblomer. Sløyfebandet er knytta enkelt rundt, og er berre å fjerna når kaka vert spretta.

Måtte dagen vera fin for deg og dine!

Siri

tirsdag 14. mai 2013

Skjønn kosekanin

 

001

 

Denne vesle kosekaninen har allereie funne sin hengjevne eigar. Prinsessa tok imot den med opne armar.

Det er mest så eg har lyst på ei lita korg full av desse.

Oppskrifta fann eg HER.

søndag 12. mai 2013

Vårleg strandkos

 

DSC_0052 Prinsessene kosar seg på nistetur ved stranda. Me er utruleg heldige og har mange kilometrar med sandstrand i nærområdet. Det er slettes ikkje mykje trengsel om plassen heller no utanom badesesongen..

torsdag 9. mai 2013

Kveldskos saman med prinsessa

002

 

I går kveld fekk eg nok ei ekstra stjerne i boka hjå prinsessa. Kveldsmaten fekk form av stjerne og kone. Eit lite sugerøyr i mjølka gjorde smaken betre.

Etterpå sat me saman i sofaen og las rim, regler og rare sangar frå ei bok som eg brukte mykje som barn ; ‘Barnet i liv og lek’, av Thor G. Norås frå 1976.

 

Tippe høne satt på gjerdet,

Tippehøne datt ned.

Ingen doktor kunne hjelpa,

Tippehøne var død.

~~*~~

Når du blir gammel

og ingen vil ha deg

så sett deg på taket

og la kråka ta deg.

~~*~~

En nisse

måtte tisse

Han gikk bak et gjerde,

der fant han en pære,

pæra delte han i tre :

en – to – tre.

~~*~~

Siri

onsdag 8. mai 2013

♥ Tjorven ♥

001

No har eg kjøpt meg den dokka eg hadde såååå lyst på då eg var liten. Tjorven-dokka, så blid og glad. Det er godt eg har ei prinsesse i huset, slik at eg har unnskyldningar for mine barnslege impulsar ;)

Siri

torsdag 2. mai 2013

Kaffi på tur

004

005

Eit lite prosjekt ~ etui til kaffiposar. Min kjære ertar meg stadig for å alltid ha med meg alle moglege slags saker, same kvar me skal. Her er nok ein liten sak som får vera med heretter. Ein kan jo aldri vite ; plutseleg kan man jo få lyst på god kaffi når man er på tur…?

Etuiet er strikka i Føn på pinne # 3,5. Her har eg putta 3 kaffiposar oppi, og kan nok få plass til eit par til, om eg vil. Planen var å sy eit lite motiv på etterpå, men det vart ikkje noko av. Eg kjem til å strikka kaffietui til gåveskuffa, og då vil eg gjera meg litt meir føre, med tanke på utføring.

Siri